OBS: Kampanjefilm laga for Jernbaneverket med bodskapen om at ein må vera oppmerksom når ein kryssar jernbaneskinnene. 
OBS: Kampanjefilm laga for Jernbaneverket med bodskapen om at ein må vera oppmerksom når ein kryssar jernbaneskinnene. 

Laga kampanjefilm som skal hindra togulykker 

Ein 24-åring vart torsdag drepen av eit tog i Fauske medan han gjekk med øyrepluggar og mobil i handa. Like før jul laga lærdølen Alexander Einemo Zwart film som nettopp skal forhindra at slikt skjer. 

– Det er sørgeleg at slikt skjer like etter å ha laga ein film som skal sørga for at dette ikkje skjer, seier Zwart. 

Torsdag ettermiddag omkom ein 24 år gammal mann i ei togulykke då han skulle kryssa jernbanesporet på perrongen på stasjonen. Ifølgje vitneforklaringar frå staden fekk 24-åringen truleg ikkje med seg at toget kom, skriv Dagbladet. 

Vil auka merksemda 

Lærdølen Alexander Einemo Zwart vart leigd inn like før jul til å regissere ein kortfilm for Jernbaneverket om faren ved å kryssa jernbanespor. Denne er den fyrste kampanjefilmen Zwart har vore med på å laga. 

– Det er noko å ha i bakhouvdet når ein kryssar ein togovergang. Slike type ulykke skjer i lokalsamfunn. Gjerne på skulevegar der folk går kvar dag. Det er ein daglegdags ting som ein ikkje tenkjer over før det skjer ei ulykka, seier Zwart. 

Han påpeikar at sjølv om det vanlegvis berre går eit par rutetog forbi småplassar, går det også godstog som ikkje er ført opp i noko rutehefte. 

– Desse toga bryt med den vanlege rytmen til folk. Difor er det utruleg viktig å alltid følgje med. Eg håpar at så mange som mogleg får sett filmen, at den blir delt på sosiale medium og sendt vidare, seier Zwart. 

– Eg prøver for hardt

Filmen «Hindringen» vart spelt inn på ein dag. 

– Me ville ha snø, kulde og frost under innspelinga. Lyset var ei utfodring då me berre kunne filma frå klokka 10.00 til 15.30 på dagen. Me rakk å gjere svært mykje på veldig kort tid, seier Zwart. 

Til vanleg jobbar Zwart som frilansregissør med base i Oslo. Han har eit filmselskap i Lærdal som heiter Komet Film, der kundebasen ligg i Sogn og Fjordane. I tillegg jobbar han for reklamebyrået Rollo Tomasi. Kampanjefilmen «Hindringen»  vart produsert av StangMedia, men det var selskapet Redink som hadde ideen. 

–Av og til er eg redd for at eg prøver for hardt og at filmane blir for dokumentarisk. Difor henvendte eg meg til dei unge skodespelarane under innspelinga for å få innspel. Dei hjalp meg med gode tilbakemeldingar, seier Zwart. 

Skal synast fram på skular

Den største forskjellen på filmane Zwart har laga tidlegare og denne kampanjenfilmen, er at filmen kjem med ei klar åtvaring. Her er oppfordringa å ikkje lata seg distrahera av mobil og musikk medan ein kryssar jernbanespor og generelt anna trafikk.

– Her prøver me ikkje å selje eit produkt, men auka medvitet til folk. Filmen skal synast rundt på forskjellige skular og målgruppa er unge menneske. Ein har eit samfunnsansvar når det gjeld å vera merksam på faren ved å kryssa jernbanespor, noko som er tilfelle på mange småstader i Noreg, seier Zwart. 

I tillegg til det kunstnariske ansvaret som kjem av å laga ein slik type film, kjenner Zwart samstundes på ansvaret for å spre bodskapen til filmen. 

– Uansett kva slags film ein lagar, så må ein ta utgangspunktet i ei målgruppe. Deretter kjem formspråket, musikken og det visuelle utrykket. Ein har meir frie tøyler og er ikkje bunden til ein spesiell stil. Det er ein cinematisk film. Det handlar om å nøytralisera ein ting, og unngå å gjera det for dokumentarisk, seier Zwart. 

Gedigen premiere i Lærdal

I fjor var Zwart i Lærdal for å spele inn kortfilmen "Som ein reiar så ligg ein". No er filmen klar. 

Les også: Skapar galskap til bøndene i fylket – Zwart satsar stort på kortfilm​ 

– Eg ønskjer å ha ein gedigen premier på filmen i Lærdal. Men diverre er det nokre restriksjonar involvert som eg må forhalda meg til før dette kan skje, seier han.

 Til dømes må Zawrt syna fram filmen på ein festival fyrst.

– Ein siktar alltid høgast og denne filmen har eg sendt inn til festivalen i Cannes. Her er det snakk om å komma gjennom eit veldig smalt nålauge, seier Zwart.

 Berre 10 av 8000 filmar vert velt ut til den prestisjetunge festivalen. 

– Men eg har trua på at denne kortfilmen kan vekkja internasjonal interesse, avsluttar Zwart. 

 

 

Til toppen