SAFTJENTER: Agnes Wiese og Selma Hovland sel saft med eigne etikettar på Sørheim i reklamefilmen til Digital Etikett. Då går salet unna.
SAFTJENTER: Agnes Wiese og Selma Hovland sel saft med eigne etikettar på Sørheim i reklamefilmen til Digital Etikett. Då går salet unna. (Foto: Odd Helmer Handeland )

Laga reklamefilm og etablerte Gaupne som Etikettbygda

– Når Sogndal har Saftbygda, må me ha Etikettbygda.

Luster: Det seier Kjetil Hovland, gründer, eigar, og dagleg leiar i bedrifta Digital Etikett i Gaupne.

Førre veke laga reklamebyrået Moxey, frå Stavanger, reklamefilm for bedrifta hans i lokale omgjevnader heime i Luster.

– Dei budde hjå meg førre veke medan dei dreiv å filma. Eg var med heile tida, og me hadde lokale skodespelarar frå området med på laget, fortel Hovland.

Reklamefilm med humor 

Reklamefilmane blei synt under jubileet som Digital Etikett heldt denne helga. 

SKROTNISSE: Vidar Lund har putta etikettar på gamle ting, i reklamefilmen, og får solgt unna alt. Foto: Odd Helmer Handeland

– Det var så moro å sjå. Det blei skikkeleg bra, seier Hovland, før han fortel om filmane som snart skal synast fram for endå fleire. 

– På den eine filmen ser me Agnes på Sørheim. Ho sel limonade men utan etiketter. Ho kjedar seg, og ingen vil kjøpa. Då kjem Selma med ein rull etikettar, som ho klistrar på. Ho aukar òg prisen frå 15 til 45 kroner, og då står plutseleg folk i kø for å kjøpa. Etiketten aukar dermed verdien på vara, fortel Hovland. 

I ein annan del ser ein to naboar med kvar sitt garasjesal. Han eine har klistra etikettar på skrot, medan han andre har fine ting til sals - utan etikettar. 

SKROTNISSE: Bjørn Hauge har ikkje etikettar i reklamefilmen, og får ikkje solgt noko. Foto: Odd Helmer Handeland

– Vidar som har etikettar på skrotet får solgt alt han har, medan Bjørn som ikkje har etikettar, får ikkje solgt. 

Hovland fortel òg at far hans har fått ei rolle ei ein av filmane. 

– Han klistrar etikettar på sauer. Ein sau skal til fårikål, medan ein annan skal bli til stilongs og tøfler. Far min har gode kommentarar på lur, så det blei utruleg morosamt, seier han nøgd.

Etikettbygda Gaupne 

Målet med reklamefilmane er å auka fokuset på etikettbygda Gaupne. 

DAGLEG LEIAR: Kjetil Hovland. Foto: Privat

– Eg og Tom Dyrdal i NTP jobbar begge med etikettar, og me har snakka om at Gaupne burde bli etikettbygda, så no har me lansert den som det, seier Hovland engasjert. 

Hovland starta firmaet sitt i 2007, og har sidan levert etikettar til mange store kundar kringom i heile landet.

– Reklamen handlar òg om omdøme og merksemd. Det er viktig å skapa merksemd, og at folk der ute hugsar på Digital Etikett når dei tenkjer på etikettar. Me skapar humor i filmane, og prøver å få ein artig historie ut av det. På den måten vil folk hugsa på oss med eit glimt i auga. Me vil prøva å vera litt annleis enn alle andre. 

Til toppen