FESTIVAL: For 16. året på  rad inviterer Frank Eldegard og Rigmor Solem til Nasjonalparkfestival i Årdal. Foto: Truls Grane Sylvarnes.
FESTIVAL: For 16. året på  rad inviterer Frank Eldegard og Rigmor Solem til Nasjonalparkfestival i Årdal. Foto: Truls Grane Sylvarnes.

Lagar fest av natur og kultur

Slik blir årets Nasjonalparkfestival «Under Storen».

Årdal: Natur og kultur er hovudingrediensane når kultur og natur vert smelta saman i mai. Med Slingsby som tema blir dette den 16. Nasjonalparkfestivalen i rekka. Festivalen vert arrangert i samband med den europeiske nasjonalparkdagen.

2016 markerer også at det er 140 år sidan den kjende fjellklatraren William Cecil Slingsby besteig Storen, eller Store Skagadølstind. 

– For tida er pågår det ei merkevarebyggjing av nasjonalparkane på landsbasis, men her i Årdal er me som veteranar å rekne når det gjeld profilering og marknadsføre nasjonalparken gjennom denne festivalen, seier Rigmor Solem, som er styreleiar i stiftinga Nasjonalparkfestivalen «Under Storen».

Reiseliv og festival

I fem dagar blir det festival i Årdal, der samtlege dagar er fullspekka av arrangement og hendingar som skal favne om folk flest. 

– Me har sagt at me har som mål å byggja på og gjera dette til ein merkefestival i Årdal. Det er litt vanskelegare å kommersialisere slike interesser samanlikna med til dømes Målrock, men det burde late seg gjere spesielt parallellt med satsinga som skjer på reiselivet, seier Frank Eldegard.

– At Årdal no satsar på reiselivet må vera veldig rett med tanke på tematikk og kva me skal byggja festivalen på. Eg trur det vil vera eit løft og at begge kan dra nytte av kvarandre, legg han til.

KJEM: Sigri Sandberg kjem for å snakke om kvinner i klatresporten.
KJEM: Sigri Sandberg kjem for å snakke om kvinner i klatresporten.

Miniseminar

Det heile vert sparka i gong onsdag med eit miniseminar. Her får ein mellom anna treffe Sigri Sandberg, som nyleg besøkte Årdal. Ho gav nyleg ut ei bok om «folk og fjell i spesielt Jotunheimen. Ho skal mellom anna snakke om kvinner i klatresporten før ho og Arne Larsen i dialog skal diskutere mytar og historier knytt til Storen.

Same dag får dei også selskap av Per Gran, kanskje ein av dei som kjenner Slingsby best i Noreg. 

– Han er ein utrulig kunnskapsrik person og kjenner godt til historia innover i Utladalen og Slingsby, og han har samla utrulig mykje stoff. Han er også ein god forteljar, seier Solem. 

Gran har mellom anna gjort ein formidabel jobb med å restaurere Vormeli saman med tre vener og har hatt oppsynet på selet fram til 2015.

Aktivitetar og underhaldning

Torsdag blei ein aktiv dag med mellom anna kajakkurs, buldring på Ytre Moa, samt kurs i fotografering saman med Bjørn Bergum, før det fredag blir den tradisjonelle konserten i kulturhuset. I år er det Julie Ervik som står på scena godt hjelpt av nydelege bilete frå kommunen i bakgrunnen.

– Desse konsertane har me fått veldig bra tilbakemeldingar på, fortel Eldegard.

Laurdag blir det skitur til Gravdalstind og fossevandring i Utladalen. Sistnemnde er aldri prøvd ut i denne formen før.

– Viss det slår an og det viser seg at dette virkar bra, kan dette bli eit reiselivsprodukt, trur Solem. 

Artikkelen held fram under biletet.

SOGNEBÅT: Igjen skal Sognebåtane spele ei viktig rolle for Nasjonalparkfestivalen.
SOGNEBÅT: Igjen skal Sognebåtane spele ei viktig rolle for Nasjonalparkfestivalen.

Fotokonkurranse

Same dag er det også open dag på anlegget i Indre Ofredal, der dei tidlegare omtalte Sognebåtane vil få mykje fokus. Det vil sjølvsagt også bli ein sjanse for dugnadsgjengen å vise fram kva dei held på med og fortelje om vidare planar. Dagen vert runda av med festkveld og konsert med Lomsk. 

Søndag går som vanleg Vettisløpet  av stabelen og ein vinnar i årets fotokonkurranse skal kårast. I fjor fekk dei inn over 100 bidrag, der nokre av desse fekk pryde butikkvindauga rundt om i sentruma i Årdal. I år er temaet «Stemning».

Ønskjer ein å lære noko nytt denne dagen, kan ein bli med på guida tur opp Avdalsskori til Avdalen. 

Til toppen