Psykolog Stine Olsen (til v.) og sosionom Berit Sæterlid ved russeksjonen har saman med brukarrepresentant Solfrid Lillebø (til h.) har vore mellom dei sentrale i planlegginga av Møteplassen. Olsen og Sæterlid skal vere ansvarlege for samlingane. Foto: Helse Førde.
Psykolog Stine Olsen (til v.) og sosionom Berit Sæterlid ved russeksjonen har saman med brukarrepresentant Solfrid Lillebø (til h.) har vore mellom dei sentrale i planlegginga av Møteplassen. Olsen og Sæterlid skal vere ansvarlege for samlingane. Foto: Helse Førde.

Lagar møteplass for pårørande til rusavhengige

Nordfjord psykiatrisenter (NPS) startar i januar opp Møteplassen, eit nytt fylkesdekkande kurstilbod for pårørande til rusavhengige.

Årdal/Lærdal: Her kan pårørande til rusavhengige møte andre i liknande situasjon, skriv Helse Førde i ei pressemelding. 

– Me ønskjer å skape ein arena som er trygg nok til at alle vågar å opne opp for det dei ønskjer å dele, formidle og få tilbakemeldingar på. Tanken er å samtale, dele erfaringar og kunnskap, seier Arild Nøstdal, leiar ved seksjon rus på psykiatrisenteret.

Med dette nye tilbodet på plass håpar han at fleire torer å snakke om ulike problem og vanskar knytt til å ha ein rusavhengig i nær familie.

Det nye tilbodet kjem i gang som eit samarbeid mellom russeksjonen, lærings- og meistringskooredinator ved sjukehuset og brukarrepresentant.

– Mange kjenner både på skam og skuld. Tanken er at det vil vere ei lette å få møte andre i tilsvarande situasjon for å dele kunnskap og erfaringar, seier brukarrepresentant Solfrid Lillebø.

Tema for samlingane kan vere korleis det er å vere pårørande til ein rusavhengig, snakke om utfordringane og ta i vare heile familien. 

Rus er eit av dei alvorlegaste samfunnsproblema, spesielt når det gjeld alkoholproblem. Alle familiar kan bli råka, og der det skjer får det ofte store konsekvensar, som gir pårørande vanskar med å takle slike situasjonar. 

Det er første gongen det blir laga til eit slikt opplegg for pårørande i Sogn og Fjordane, og tilbodet er fylkesdekkande. 

Møteplassen skal vere i Storstova på NPS, men initiativtakarane på rusposten ser føre seg at tilbodet om slike samlingar kan bli gitt andre stader dersom interessa er stor nok. 

Pårørande til rusavhengige kan få tilvising til Møteplassen gjennom fastlege eller psykolog. Pårørande til pasientar ved russeksjonen kan melde seg på utan tilvising frå lege.

Til toppen