SAMTIDSMUSIKK: Jostein Avdem Fretland er ein av 26 komponistar som står bak albumet «This is Tomorrow Calling» som hadde slepp i august. Foto: Mariell Øyre
SAMTIDSMUSIKK: Jostein Avdem Fretland er ein av 26 komponistar som står bak albumet «This is Tomorrow Calling» som hadde slepp i august. Foto: Mariell Øyre

Lagar samtidsmusikk for vanlege folk

Komponist og forfattar Jostein Avdem Fretland frå Lærdal er i desse dagar aktuell med sitt bidrag til samtidsmusikkalbumet «This is Tomorrow Calling», som samlar komponistar frå heile verda. 

– For meg var det ei stor ære å bli inkludert i albumet, seier Fretland, som bur og jobbar i London.  

Fretland har både komponert og framført stykket «Gull, Herregud», under artistnamnet Fivrel. Han fortel at stykket mellom anna utforskar forholdet mellom klangar og tonalitetar, og korleis nokre klagar gjer det mogleg å kombinere harmoniar som elles ikkje trivst i lag.  

26 komponistar frå heile verda

Albumet «This is Tomorrow Calling» samlar heile 26 komponistar med ulike tilnærmingar til samtidsmusikk og er utgjeve på det London-baserte plateselskapet Demerara Records. Her finst komponistar i eit vidt spekter av både sjanger og stilartar. 

Plateselskapet skildrar albumet som «det fyrste samlingsropet for vår breie, ikkje-elitistiske allianse av progressive interesser på tvers av samtidsmusikken». 

Samtidsmusikk for folk flest

– Plateselskapet deler mi oppfatning om at det går an å laga samtidsmusikk som vanlege folk vil høyre på, samstundes som ein byggjer musikken på eit konseptuelt grunnlag. Spennvidda og kvaliteten til desse komposisjonane er overveldande, og får meg til å tru at det er verkeleg er starten på noko stort eg har fått sjansen til å vera med på, seier Fretland. 

Tittelen «Gull, Herregud» har han henta frå eit opptak av ein samtale med kona, Mariell Øyre, som også blir avspelt inne i stykket. «Gull, Herregud» er det første stykket frå Fretland sitt albumprosjekt The Drawing Board, som etter planen skal blir gitt ut i sin heilskap av Demerara Records våren 2016.

– Kva vil du formidle gjennom stykket?

– Musikken min har sjeldan eit tydeleg bodskap, men om ein grev handlar det nok om å skru ned farten og metningsnivået i livet, og om å la fleire rom stå opne for å gi plass til refleksjon, seier Fretland.  

Albumet «This is Tomorrow Calling» hadde digitalt slepp 17. august og du finn det på mellom anna iTunes og Spotify.

Til toppen