OPPTUR: Arbeidsløysa i Årdal minkar mest i heile fylket, mykje takka vera gode tider i industrien.. Illustrasjonsfoto
OPPTUR: Arbeidsløysa i Årdal minkar mest i heile fylket, mykje takka vera gode tider i industrien.. Illustrasjonsfoto

Lågaste arbeidsløyse i fylket på ti år – nedgangen størst i Årdal

Ordførar i Årdal, Arild Ingar Lægreid, gler seg over utviklinga. Kommunen har 39 prosent færre arbeidsledige enn på same tid i fjor.  – Me er inne i ein positiv trend og den trur eg kjem til å vara ei stund, seier han.

Leikanger: I januar var det 987 heilt ledige i Sogn og Fjordane. Det er 94 færre enn for eitt år sidan, ein reduksjon på 9 prosent. Sjå tabell over utviklinga i Sogn nedst i saka!

– Me må tilbake til 2008 for å finna eit lågare tal i januar, fortel Tore Thorsnes, direktør for NAV Sogn og Fjordane i ei pressemelding.

Størst er nedgangen i industrikommunane Årdal og Høyanger. Nettopp industrien er den næringa her i fylket der talet arbeidsledige minkar mest. No er det berre 198 ledige, 65 færre enn i januar i fjor.

– Det låge talet har samanheng med få permitteringar, står det i pressemeldinga frå NAV.

TRUR DET VIL VARA: Ordførar Arild Ingar Lægreid i Årdal trur oppgangen er meir enn eit blaff. Bilde:  Halvor Farsund Storvik

Ordføraren trur oppgangen vil vara

– Det er svært positivt. Det for tida oppgang og gode tider i industrien, så det er ikkje unaturleg, men likevel kjekt å høyra slike tal, seier ordførar Arild Ingar Lægreid om utviklinga.

Han trur ikkje det er eit blaff. Fleire viktige industribedrifter i Årdal har sagt dei vil satsa framover, noko utvidingsplanane til Norsun er eit døme på. 

– Når det gjeld arbeidsmarknaden, så ser eg særs lyst på det. Me er inne i ein positiv trend og den trur eg kjem til å vara ei stund. Utfordringa er den negative folketalsutviklinga, men den håpar eg vil snu i samband med dette, seier Lægreid.

Fleire kommunar i vinden

I Indre Sogn er det, i tillegg til i Årdal, kraftig nedgang i arbeidsløysa i Vik, Sogndal og Luster. Aurland har den største auka i arbeidsløysa med 11 fleire ledige, opp heile 79 prosent.

Sogn og Fjordane har lågast arbeidsløyse i landet saman med Troms. Berre 1,7 prosent av arbeidsstyrken her er heilt utan jobb. Til samanlikning er talet på landsnivå 2,6 prosent. Her var nedgangen på heile 19 prosent frå januar i fjor.

Kommune Tal Prosent av arbeidsstyrken Endring frå i fjor (tal) Endring frå i fjor (%)
Vik 15 1,0 -3 -17
Balestrand 15 2,1 3 25
Leikanger 16 1,3 2

14

Sogndal 50 1,1 -13 -21
Aurland 25 2,5 11 79
Lærdal 19 1,6 1 6
Årdal 30 1,1 -19 -39
Luster 37 1,3 -11 -23
Til toppen