TRAFIKK: Som meldt tidlegare i år er no risikoen for å bli drepen eller hardt skadd i ei trafikkulykke i Norge blant dei lågaste i verda. Foto: Arkiv. 
TRAFIKK: Som meldt tidlegare i år er no risikoen for å bli drepen eller hardt skadd i ei trafikkulykke i Norge blant dei lågaste i verda. Foto: Arkiv. 

Lågaste talet på omkomne i trafikken sidan 1947

Tal frå Statistisk sentralbyrå (SSB) slår fast at det i 2015 omkom 117 personar i totalt 102 ulykker på norske vegar. 

Trafikk: Det er det lågast talet på omkomne i trafikken sidan 1947.

Tala frå SSB viser at det var 30 færre omkomne i trafikken i 2015 enn i 2014. Av dei 117 drepne var 87 menn og 30 kvinner. Det var flest bilførarar som omkom, 57 totalt, og 21 motorsyklistar.

Talet på omkomne i aldersgrupper er ganske jamt fordelt. 32 personar i alderen 16-24, 30 i alderen 45-54, 28 i alderen 25– 44 og 24 i alderen 65 år eller eldre. Tre barn under 15 år omkom.

Lågast i verda

Som meldt tidlegare i år er no risikoen for å bli drepen eller hardt skadd i ei trafikkulykke i Norge blant dei lågaste i verda. Det opplyste EU-kommisjonen i april, noko som no blir bekrefta av statistikken frå SSB.

I EU var gjennomsnittet 51,5 trafikkdrepne personar per millionar innbyggjarar, noko som betyr at risikoen i trafikken i Noreg er omtrent halvparten av kva den er i EU.

Tidlegare i år viste førebelse tal frå Statens vegvesen at 125 personar omkom i trafikken, noko høgare enn tala frå SSB, men framleis ein kraftig nedgang frå 2014. 

Til toppen