FÆRRE TAP: Ikkje på ti år har det vore færre tap av sau og lam enn i år, opplyser Morten Kjørstad i Miljødirektoratet. Foto: Truls Grane Sylvarnes.
FÆRRE TAP: Ikkje på ti år har det vore færre tap av sau og lam enn i år, opplyser Morten Kjørstad i Miljødirektoratet. Foto: Truls Grane Sylvarnes.

Lågaste tapstalet av sau og lam på ti år

I løpet av årets sesong er 1.615 sau og lam tatt av rovdyr. Det er det lågaste talet på ti år.

Årdal/Lærdal: Nationen har gått gjennom tala frå Rovbasens datateneste frå 1. oktober i år og eitt år tilbake. I løpet av perioden er det registrert 1.615 tap av sau og lam mot 1.785 i same periode i fjor.

Ulv har tatt livet av 484 av dei dyra som er funne igjen etter årets sesong, medan jerv har tatt 385 og bjørn 279.

Fagdirektør i viltseksjonen i Miljødirektoratet Morten Kjørstad meiner at dei fallande tala viser ein tendens, og ikkje berre er resultat av tilfeldige svingingar. 

Les også: Ein god beitesesong gjev han grunn til å smila

– Målet er å få mindre tap av sau til rovdyr, så ei utvikling der det blir påvist færre skadar er positiv. Me trur det er fleire faktorar som forklarar det, seier Kjørstad til Nationen. 

Han peikar på handteringa av rovdyrtap er ulike frå område til område. I rovdyrområda er tiltaka retta mot beitedyra, medan det i beiteområda blir sett inn tiltak mot rovdyra, noko som vil seia felling. (©NTB)

Til toppen