– Å utvida med syttenåringar på både jente- og gutesida vil hjelpa på både i høve fråfall og så enkelte klubbar faktisk kan stilla gute- og jentelag. Så blir nokre bekymra for om 15-åringane då får spela - der må leiarane og trenarane i klubbane ta eit ansvar. Spørsmålet blir om ein skal ha nok spelarar eller vinna pokalar, seier leiar Robert Endestad i Sogn og Fjordane Fotballkrets.
Norges Fotballforbund Sogn og Fjordane bestemte under sitt leiarmøte søndag 27.november å utvida gutar 15/16 år og jenter 15/16 år med ei årsklasse, altså blir det 15-17 år for både jenter og gutar. I vedtaket presiserte leiarmøtet at dette ikkje skal brukast til å toppe lag og vinne kampar på bekostning av til dømes 15-åringane.
Laurdagskampar for 4.divisjon
Dale IL kom med framlegg om at basisdag for kampar i 4. divisjon skal vera laurdag, særskild på tidleg vår og sein haust. Basisdag har vore fredag. Leiarmøtet gjekk inn for Dale IL sitt framlegg, men presiserte at det det skal vera fleksibilitet her - noko som også gjeld 5.divisjon.
– Moglegvis bør også nokre 5.divisjonskampar gå laurdag, til dømes når Årdal 2 møter Selje er det enorme avstandar og utfordrandpå ein fredag. Hadde me hatt dommarar nok kunne alt gått laurdagar, men det går ikkje hop, så her må det gjerast tilpasningar.
Les også: Likar tanken om laurdagsfotball neste sesong
Når det gjaldt aldersbestemte lag gjekk også leiarmøtet inn for å endra spelforma for 12-åringar, frå å spela 7-ar til å spela 9-ar. Vidare heiter det i vedtaket: «I tilfeller der det er lag som kun har nok spelarar til å stille 7-ar lag, skal det spelast 7-ar. I tillegg ønskjer NFF Sogn og Fjordane å endre spelforma i Jenter 11 år, frå 5-ar til 7-ar. I tilfeller der det er lag som kun har nok spelarar til å stille 5-ar-lag, skal det spelast 5-ar.
Prøveordningar i 2017
Leiarmøtet gjekk også inn for å innføra fire «FotballSøndagar» - to på kvar side av sommarferien – der utvalde klubbar påtek seg å arrangera. Dette for å få erfaringar og på sikt vidareføre tanken om helg som kampdag i aldersfastlagd fotball.
– Dette for å ta vekk litt av reisebelastinga og med tanke på at ein får trent i veka og spelar kamp i helgene. «Footballsunday» er etablert i England. Det er også utfordrande fordi mange har dette som familiedag eller ein skal på hyttetur. Men me må tora å testa nye ting og tilpassa oss, seier Endestad.
Alt dette er prøveordningar i 2017. Vedtak på kretsting må til for å gjera ordningane permanente og neste kretsting blir halde i november 2017.