LÅGPROMILLE: Ein førar vart meld for lågpromille i Sogndal tidleg fredag ettermiddag. Illustrasjoinsfoto
LÅGPROMILLE: Ein førar vart meld for lågpromille i Sogndal tidleg fredag ettermiddag. Illustrasjoinsfoto

Lågpromille ein tidleg fredag ettermiddag

 I tillegg fekk førarar gebyr for manglande beltebruk, høg fart og bruk av handhalden mobil.

Sogndal/ Lærdal: Politiet twitra litt over klokka 15 at ein UP-kontroll som var avslutta på Loftesnes i Sogndal ein god halvtime tidlegare resulterte i ei anmelding for lågpromille, to gebyr foir manglande beltebruk og to forenkla førelegg for bruk av handhalden mobil.

Politiet twitra samstundes at UP også hadde avslutta ein fartskontroll på E16 i Lærdal, der ein førar fekk forenkla førelegg for å ha køyrt i 85 km/t i ei 70-sone.

Til toppen