Gulen: – Me er strålande fornøgd med arrangementet, seier Trond Wesenlund Hjønnevåg, frå Gulen Bueskytterklubb.
På sundag arrangerte dei bogeskyttarmeisterskap i Gulen for andre året på rad. Grunna utrygge vêrmeldingar flytta dei inn frå Tusenårsstedet til Eivindvik skule.
Lågterskel meisterskap
Til saman i fire klassar var det 14 påmelde, og 25 stykker som møtte opp til hendinga.
– Ein kunne melde seg på førehand, men det kom folk rekande inn og blei med, seier han.

Det var eit lågterskel meisterskap, og han seier det treng ikkje vere dei som øver mest som vann.
– Han som tok andre plass i herreklassen har aldri tatt i ein boge før. Og kona mi som vann dameklassen har kun skote ein gang før, og det var på meisterskapet i fjor, seier Wesenlund Hjønnevag.
Må få med fleire damer og ungdommar
Dei har øving i gymsalen kvar veke, som er eit gratis lavterskeltilbod, og håpar fleire får lyst til å vere med.
– Me ser at me må jobbe litt med å få med litt fleire ungdommar og damer, seier han.
Den einaste prestisje dei har i løpet av året er det årlege meisterskapet.
– Me diskuterte det litt fram og tilbake og bestemte oss for at me ville samle folk frå heile Gulen for å skyte med pil og boge. Me begynte i det små i fjor, også får vi sjå korleis det går vidare, seier Wesenlund Hjønnevåg.
Her er resultata frå meisterskapet:
Herrer:
1. Eirik Halsnes
2. Rune Fjæreide
3. Ronny Ingebrigtsen
Damer:
1. Brita Wesenlund Hjønnevåg
2. Belinda Fosse Haveland
Jenter:
1. Iselinn Fosse Haveland
2. Maia Wesenlund Hjønnevåg
3. Kathe B. Haveland
Gutar:
1. Odin Villanger Henriksbø