Lærdal: Det seier Bjørghild Holien, leiar i friidrettsgruppa i Lærdal IL.

For, under årsmøtet i Lærdal idrettslag denne veka delte
friidrettsgruppa ut årets friidrettspris til Laila Elvagjeng.
– Ho deltek ikkje aktivt sjølv, men tilrettelegg for at andre skal få delta. Ho har i alle år vore i sekreteriatet under Lærdalsløpet. Lærdalsløpet har vore arrangert 34 gonger og Laila har vore med på dei fleste, seier Holien.
– Viktig bindeledd mellom skule, born, vaksne, idrettslag og
utøvarar
Elvagjeng har og vore sjef i sekreteriatet under Storehaugen Opp alle dei 8 gongene det har vore arrangert.
– Laila er eit viktig bindeledd mellom skule, born, vaksne, idrettslag og
utøvarar. Ho gjer ein kjempeinnsats for at andre skal på delta og ho
fortjener ein pris.
Tidlegare år har friidrettsgruppa delt ut pris til Kjell Inge Sanden
for å stilla sporty opp på tid under Galdane Rundt. På årsmøtet i
2016 gjekk prisen til Per Thomas Hunderi for 270 turar på Oftedalen
og Hanne Grimelid som gjekk det 8,7 km lange terrengløpet på krykker.