LÅG FANGST: Laksefangsten i 2015 er betre enn dei to foregåande åra, men framleis er dei historisk låge, seier Ellen Hambro. Foto: Henning Urke
LÅG FANGST: Laksefangsten i 2015 er betre enn dei to foregåande åra, men framleis er dei historisk låge, seier Ellen Hambro. Foto: Henning Urke

– Laksefangstane framleis historisk låge

– Trass i at fangstane i fjor vart betre enn dei to førre åra, er laksefangstane historisk sett låge.

Lærdal: Det seier direktør i Miljødirektoratet, Ellen Hambro, etter at SSB har lagt fram fangsttal for sjøaure, sjørøye og laks i 2015.

– Innsiget av laks har vore svakt i fleire år, og sjølv om det er stadig strengare reguleringar av fisket er det framleis for lite gytefisk i ei rekke vassdrag, seier Ellen Hambro.

I motsetning til dei to førre åra, vart det ikkje innført ekstraordinære reguleringar i fjorårets sesong.

– Vi må no vente på statusrapport frå Vitenskapelig råd for lakseforvaltning før vi kan seie noko meir sikkert om det var nok gytefisk i elvane i fjor til å sikre god produksjon av laks, seier Hambro.

– Fleire elvar har innført kvotar og plikt om å setje ut att hannfisk og storlaks. Dette er eit viktig grep for å kunne halde oppe fisketida og samtidig sikre at det er nok gytefisk i elva, seier miljødirektør Hambro.

Miljødirektoratet vil om kort tid vedta nye reguleringsvedtekter for fisket etter anadrome laksefisk i sjø og elv. Dei nye vedtektene vil bli fastsett på grunnlag av lokale forslag, Fylkesmannens vurderingar, råd frå Vitenskapelig råd for lakseforvaltning og vurderingar gjort av Miljødirektoratet. (©NPK)

Til toppen