NÆRE PÅ: Brooks trur han køyrte i 15 kilometer i timen då ei steinblokk knuste vegen framfor han. Likevel rakk han ikkje å stoppa.
NÆRE PÅ: Brooks trur han køyrte i 15 kilometer i timen då ei steinblokk knuste vegen framfor han. Likevel rakk han ikkje å stoppa. (Foto: Mark Brooks)

Laksefiskaren skulle sjekka eit ras: – Plutseleg eksploderer det framfor meg

Fredag kveld var Mark Brooks frå Lærdal nær ved å bli knust saman med bilen han sat i. – Eg er framleis skjelven, seier han dagen etter.

Lærdal: Det er fredag kveld og Mark Brooks er på veg i bilen sin for å sjekka eit ras som har gått nær eigedomen hans på Tønjum i Lærdal. Så ser han ein svart skugge.

– Plutseleg berre eksploderer det framfor meg, eg rakk ikkje å bremsa ein gong, fortel Brooks.

NRK var først ute med å fortelja den utrulege historia.

HELDIG: Mark Brooks er morelleprodusent og ivrig laksefiskar. Fredag fekk han bruk for meir enn fiskelukka då han fekk nærkontakt steinras. Foto: Arkiv

Les òg: Fylkesveg i Aurland stengt av ras

Måtte søka ly for raset

Ein stein større enn bilen han køyrer har nettopp pulverisert asfalten nokre få centimeter framfor han.

– Han kom vertikalt, datt nesten rett ned framfor meg, seier Brooks.

Sjølv om han køyrer i sneglefart greier han ikkje å stoppa bilen før han hamnar i holet steinen har etterlate.

Raset er enno ikkje over. Rundt han buldrar det, steinar blir splintra, lydnivået er overveldande. Gode råd er dyre.

– Det er min veg, så eg er godt kjend der. Eg visste at femten meter bak bilen ligg det ein gamal, svær stein. Den kraup eg innunder og gøymde meg til dess det vart heilt stilt. Raset varte ganske lenge, seier Brooks.

Til slutt føler han seg trygg nok til å lura seg fram frå gøymestaden. Han tek fram mobilen og knipsar biletet som viser kor gale det kunne ha gått. Så set han seg inn i bilen og får rygga ut i tryggleik.

– Eg hadde ikkje forventa det, men jammen kom eg ikkje meg opp, seier Brooks.

– Verdas heldigaste mann

Medan det stod på rakk han ikkje å bli redd, han tenkte berre på korleis han skulle berga seg. Etterpå var han oppteken med å finna ut om naboane òg hadde kome heile frå det. Først nokre timar etterpå kom reaksjonen.

– Når letta kjem og du kjenner at alt har gått bra, då får du kjensler i kroppen. I allefall kjende eg det i går kveld. Då gret eg, seier Brooks.

Laurdag føremiddag har han vore borte på rasstaden på nytt. Der fekk han sjå steinen som var nær ved å knusa både han og bilen.

Skjelvingane i armane har enno ikkje roa seg.

– Du seier du ikkje var redd då det stod på, kva trur du utløyste reaksjonen etterpå?

– Eg har familie og fire ungar, så du tenker på det. Kor stor flaks du hadde. Eg må seia det, at i går kveld følte eg meg som verdas heldigaste mann, seier Brooks.

Til toppen