NORMALT ÅR: – Talet på laks som er fiska, tek til å nærme seg fjorårets tal, som var eit godt år, fortel Lasse Sælthun, leiar i Lærdal elveeigarlag. Foto: Jan Christian Jerving
NORMALT ÅR: – Talet på laks som er fiska, tek til å nærme seg fjorårets tal, som var eit godt år, fortel Lasse Sælthun, leiar i Lærdal elveeigarlag. Foto: Jan Christian Jerving

Laksefisket er på hell – går mot ein normal sesong

Dei siste vekene har talet på laksefangst gått ned, samanlikna med tidlegare i sesongen. – Det er heilt normalt, seier Lasse Sælthun, leiar for Lærdal elveeigarlag. 

Lærdal: Sælthun fortel at det store innsiget med laks kom i første veka i juni, sjølv om kaldt vatn gjorde at laksen kom seint i år. Laksesesongen er no på hell i nedre del av Lærdalselvi.  

Les også: Dobla laksefangsten på ei veka

Lasse Sælthun, leiar i Lærdal Elveeigarlag
GÅR MOT EIT NORMALT ÅR: Det seier Lasse Sælthun, leiar for Lærdal elveeigarlag. 
Foto: Jan Christian Jerving​

Fisket avtek i nedre del

– Det er brukbart fiske i øvre del av elva no, men det er heilt normalt det avtek i nedre del. Me er no inne i eit tidsrom der fangsten går ned, fortel han. 

Det er storlaksen som kjem først, slik var det også i år. No er det meir mellomstor og smålaks att, fortel han. 

I veke 28, tok fiskarane 204 laks i Lærdalselvi. Veka etter tok dei 128 laks, i veke 30 var talet oppe i 83, medan i veke 31 tok fiskarane 126 laks. 

Steinkobber skadar laksen

Sæthun seier til NRK Sogn og Fjordane at han har inntrykk av at problemet med steinkobbe (kystsel) er større i år samanlikna med i fjor, noko som gjer at han opplever at laks har skadar og sår etter bitt og nærkontakt med sel. Steinkobben forårsakar mykje uro og skade og er uheldig for fisk og fiskarar. 

Steinkobbe er registrert heilt opp til sjukehusbrua i Lærdalselvi. I år har Fiskeridirektoratet gitt gitt løyve til å felle fire steinkobbar, to meir enn dei først gav løyve til. Det utvida løyve gjeld fram til 1. november.

Går mot ein normal sesong

– Det har vore tilnærma like bra fiske som i fjor, som var eit godt år. I fjor vart det teke 970 laks, medan me no er oppe i 725, fortel Sælthun. 

Vassføringa er som normal i august. Likevel har den minka litt, noko Sælthun tykkjer er uventa då det ligg mykje snø i fjellet. 

Laksesesongen i Lærdalselvi varar til 15. august nedanfor Sælthun, medan ovanfor Sælthun til 22. august. 

Til toppen