KUTT I OPPDRETT: Professor meiner ei femdobling av oppdrettsnæringa er ein vill tanke, han vil heller redusere ei av dei største næringane i landet.​ Arkivfoto: Truls Grane Sylvarnes.
KUTT I OPPDRETT: Professor meiner ei femdobling av oppdrettsnæringa er ein vill tanke, han vil heller redusere ei av dei største næringane i landet.​ Arkivfoto: Truls Grane Sylvarnes. (Foto: Arkiv)

– Lakselusproblemet må gi kutt i oppdrett

Professor meiner ei femdobling av oppdrettsnæringa er ein vill tanke, han vil heller redusere ei av dei største næringane i landet.

Lærdal: Det er dei som meiner oppdrettsnæringa i Noreg bør femdoblast for å vere med å dekkje matbehovet i verda.

– Så lenge det er så mykje lakselus som no, kan vi ikkje auke volumet av oppdrettslaks. Vi må heller redusere til vi får kontroll på lusa, seier Jon Olaf Olaussen, professor i samfunnsøkonomi ved Handelshøyskolen i Trondheim ved NTNU til Gemini.no.

Professoren går dermed imot både næring, politikarar og ein god del fagfolk.

Må tenkje på villaksen og ryktet

Omsynet til villaksen er éin av dei to årsakene til at næringa bør reduserast, i alle fall mellombels. Men også omsynet til omdømmet til den norske lakseindustrien.

– Ingen har oversikt over kor mykje laks som rømte på 70- og 80-talet, seier Olaussen.

Sjølv om mørketala antakeleg er store i dag, vart ikkje laks som rømte den gongen innrapportert. Ein periode fekk oppdrettarane til og med erstatning for fisken som rømte. Då hadde dei ingen grunn til å gjere stort med problemet. I dag risikerer dei å bli melde til politiet.

Ingen veit derimot kor genetisk rein villaksen er grunna all rømminga. Rømt laks parar seg med vill laks.

Sjølv om rømming framleis er eit stort problem, er det først og fremst lakselusa som gjer at Olaussen no seier stopp.

Dei siste åra har lakselusa nemleg spreidd seg kraftig.

Lakselusa set seg på smolten til villaksen og er dødelig ved store mengder. Det kan føre til ein betydeleg reduksjon av mengda villaks og volumet som laksefiskarane kan ta opp.

Det har kome ei avgift som må betalast for å bøte på effekten av rømt laks. Men inga sånn avgift finst for oppdrettarar som er med på å spreie lakselus.

– Så lenge oppdrettsnæringa ikkje må betale for kostnadene ho påfører andre, vil ikkje aktørar der vere interessert i forandring. Då skjer det fint lite med lukka oppdrettsanlegg, eller landbaserte anlegg, meiner Olaussen. (©NPK)

Til toppen