Fleirgongsgytar.
Fleirgongsgytar. (Bilde: Privat)

Laksemysteriet er løyst

Biologar har analysert prøvene som vart sendt inn av den lange, slanke laksen Bjørn Tore Løkkebø tok i Lærdalselvi. Mykje tyder på at det kan bli fleire slike individ i elva framover.

Lærdal: Konklusjonen til Rådgivende biologer, som har analysert skjelprøvene, er at laksen på 121 centimeter og 14 kilo heilt sikkert ikkje er ein oppdrettslaks.

Les også: Er dette ein frykteleg stor oppdrettslaks?

Kurt Urdal hjå Rådgivende biologer skriv i sin konklusjon at det truleg er snakk om ein villaks, men at det også kan vera ein klekkerifisk - altså ein laksesmolt som er fostra opp på klekkeri og sett ut i elva.

Det spesielle med holaksen, og grunnen til at den var så tynn, er at den har gytt i elva, altså lagt egg, heilt sikkert ei gong før, eller kanskje også to gonger. 

Den normale oppfatninga er at laksen døyr etter at den har gytt i elva for første gong i livet sitt. Såleis at laksen berre blir forelder ei gong i livet. Hjå stillehavslaksen er det også slik i all hovudsak, men blant atlenterhavslaksen me har i norske lakseelvar, Salmo salar, er slik fleirgongsgyting meir vanleg enn mange trur. Særskild i Nord-Europa der elvane laksen går opp i er relativt kalde.

Det konkluderer ein rapport frå Fylkesmannen i Finnmark frå 2011.  Merking av fisk i Tanavassdraget synte at rundt ein tredel av alle laksane kom tilbake for å gyta ei andre gong og gjerne også fleire gonger.

- Fleirgongsgyting er ein strategi som er viktig for laksen. I ViLL-prosjektet har me dokumentert at laks som går ut i sjøen på våren kjem tilbake for gyting allereie same sommaren og hausten. Eller at den kjem tilbake etter eitt eller to år, seier Henning Urke i INAQ, prosjektleiar for Verdiskaping i Laksefisket i Lærdal-prosjektet (ViLL).

Eldre holaksar er mest sexy

Ein artikkel på forskning.no frå 2012 fortel om superveteranane som gyt fleire gonger , og kor viktige dei er for heile bestanden i elva. Fordi eldre holaks er større og har høgare gytesuksess.

- Jo større laksen blir, jo fleire egg legg den. Egga er kanskje større også, noko som er bra sidan det gir ei større matpakke for yngelen, sa biolog Elina Halttunen til forskning.no, som då hadde skrive doktorgrad ved Universitetet i Tromsø om laksen i Altaelva.

Ikkje berre produserer dei eldste holaksane flest egg; sidan dei er store er dei også meir sexy. Fordi storleik er attraktivt hjå laksen, står det i artikkelen.Vidare at desse laksane er meir aggressive og lukkast dermed i stor grad med å overføra sine gode gener til seinare generasjonar.

Urke i INAQ forklarar at store fleirgongsgytarar også kan bidra til at ein større del av elva blir nytta til gyting.

- Fordi desse laksane er større og kraftigare og såleis i stand til å flytta på større steinar når dei lagar gyteplass.

Bit sjeldan på kroken - fordi dei er smartare?

Viss resultata frå Tanavassdraget som tilseier at ein tredel av laksane kjem tilbake som fleirgongsgytarar er noko lunde overførbare til Lærdalselvi, tyder det at laksen Løkkebø fekk førre veke er i godt selskap og ikkje veldig spesiell slik sett.

Men, det er ikkje så ofte dei bit på kroken.

- Det kan vera tilfeldigheiter. Men kanskje fleirgongsgytarar er mindre biteviljuge? Dei har jo allereie overlevd ein sesong utan å bli fanga, sa Halttunen til forskning.no i 2012.

Urke i INAQ fortel at det truleg blir fleire og fleire fleirgongsgytarar i Lærdalselvi. Hovudsakleg av to grunnar; det effektive garnfisket på sjøen og i havet på 60- og 70-talet vart i større og større grad forbode dei par neste tiåra. 

- Frå utpå 90-talet av var det berre sportsfiskarar i elvene som kunne fanga stor laks.

- Fang- og slepp kan føra til større del fleirgongsgytarar

Den andre grunnen har med historikk å gjera; I 1996 vart som kjend laksedreparen Gyrodactulus salaris oppdaga i Lærdalselvi. Fram til då hamna stort sett all laks som vart fanga i elvi i frysaren. Gyro vart oppdaga på ny i to omgangar, i 1999 og 2007. Fiske med mål om å ta ut mest mogleg laks av elva grunna smittefare starta i 2001. 

Så kom ein ny behandlingsmetode med surt aluminiumssulfat på bana, denne vart nytta i 2011 og 2012. Sidan har elva vore gyrofri etter testinga å døma og kan friskmeldast om den er det også ved prøvetaking til hausten. 

Samstundes har det vore fiska i elva att sidan 2013, men all hofisk skal setjast ut att.

Summa summarum tyder det at det først er på 2010-talet tilhøva har ligge til rette for at ein "naturleg førekomst" av fleirgongsgytarar skal finna stad i elvi, ettersom ein stor del av laksen tidlegare vart fanga og drepen, først både i sjøen og elva, seinare hovudsakleg i elva.

- Fisken får leva lenger med fang- og-slepp-prinsippet. Mange av laksane er berre halvvegs i livet når dei har gytt første gong. Robustheit veldig viktig når ein no byggjer oppatt lærdalslaksen, og det syter fleirgongsgytarar for. I tillegg er Lærdalselvi ei relativt kald og rein elv. Det fører til lite sopp og tilhøva ligg godt til rette for fleirgongsgyting. I det heile kan desse faktorane føra til at ein framover får tilbake den opphavelege strukturen i elva, forklarar Urke.

- Slik det var for eksempel for hundre år sidan?

- Ja, for eksempel.

Slik kjenner ein att ein fleirgongsgytar

"Problemet" med fleirgongsgytarar er nettopp det Løkkebø støytte på - dei liknar veldig på oppdrettslaks som har rømt og kome i elva. Og medan oppdrettslaks er svært uønska i elva og bør takast livet av, er fleirgongsgytarane verdifulle.

Urke fortel likskapen er så stor at røynde fiskarar og fagpersonar kan ta feil. Men nokre kjenneteikn er typiske.

- Skader på sporden som følgje av at laksen har gravd gytegrop er veldig typisk.

KJENNETEIKN: Sliten spord, lang og tynn kropp og relativt mykje prikkar, særskild på gjelleloka, er typisk for fleirgongsgytarar. Foto: Henning Urke
KJENNETEIKN: Sliten spord, lang og tynn kropp og relativt mykje prikkar, særskild på gjelleloka, er typisk for fleirgongsgytarar. Foto: Henning Urke

Dette står også i rapporten frå Fylkesmannen i Finnmark om typiske kjenneteikn for ein fleirgongsgytar: 

"Flergangsgytere kan kjennes igjen på flere ytre tegn. Flergangsgyterne har som oftest
rikelig med svarte, ofte små, prikker på gjellelokkene (førstegangsgyterne har som regel
bare noen få svarte prikker der). Flergangsgyterne har i tillegg svarte prikker både over og under sidelinjeorganet, mens førstegangsgyterne som regel bare har prikker over sidelinja)."

Til toppen