MERKE: Det oransje merket ved ryggfinnen på laksen viser at fisken vart fanga og sett ut att i samband med fang og slepp-studien i 2015. Denne hofisken gytte hausten 2015. Arkivfoto
MERKE: Det oransje merket ved ryggfinnen på laksen viser at fisken vart fanga og sett ut att i samband med fang og slepp-studien i 2015. Denne hofisken gytte hausten 2015. Arkivfoto

Laksen let seg ikkje lura av fluga to gonger

Berre drygt fire prosent av alle laksane som vart merkte etter å ha vorte fanga og sleppt utatt i Lærdalselvi, vart fanga ei gong til.

Lærdal: Det er ein av konklusjonane i ein rapport frå NINA (Norsk institutt for naturforsking) etter merkeforsøka i Lærdalselvi dei to føregåande fiskesesongane.

I 2015 og 2016 vart 348 av laksane som vart fanga av fiskarar i elvi merkte før dei vart sett utatt.  16 av desse 348 vart fanga ei gong til, noko som utgjer 4,6 prosent totalt.

Medan 5,3 prosent av dei merka laksane vart fanga på ny i 2015 var talet enno lågare i 2016; 3,8 prosent vart fanga på ny då.

Les også: Berre seks prosent av merka fisk vart fanga på nytt

– Materialet i denne studien er svært stort, og me kan klart konkludera med at svært få laksar bit på fluga to gonger, seier Henning Urke, prosjektleiar for Verdiskaping i Laksefisket i Lærdal-prosjektet (ViLL).

Resultata kan tyda på at laksen ikkje tek same type agn to gonger 

I eit prosjekt der liknande undersøkjingar med merking av fisk vart gjort i sju elvar rundt om i Noreg, vart ein vesentleg større del av laksane fanga ei gong til. Ei mogleg forklaring på dette er ifølgje ViLL-rapporten at laksen i liten grad bit på same agn to gonger:

«Gjenfangsten i Lærdalselvi i 2015 og 2016 var imidlertid på samme nivå som gjenfangstraten i Altaelva (4%, Thorstad m.fl. 2003; 2008). På samme måte som i Altaelva foregår fisket i Lærdalselvi kun med flue.

Det er vist at det er en klar tendens til at gjenutsatt laks blir gjenfanget på et annet redskap enn det den ble fanget med først (Lennox m.fl. 2015). En lavere gjenfangst av gjenutsatt laks i Lærdalselvi kan dermed delvis skyldes at sannsynligheten for gjenfangst er lavere i elver der kun en type fiskeredskap er tillatt.»

– Dersom det hadde vore slik at sjansen var stor for at ein laks som blir fanga og sleppt ut att i neste omgang blir fanga på ny av naboen, blir gjerne motivasjonen for å sleppa ut att laksen i første omgang litt mindre. Fordi det då kan tenkjast at naboen slår den i hel. Men studien viser tydeleg at den som får ein laks til alt overmål avgjer skjebnen for denne laksen, seier Urke.

– Men dersom laksen ikkje «torer» å eta att etter at den har prøvd å ta ei fluge i elva; vil ikkje det då vera uheldig for næringsopptaket til laksen?

– Laksen et ikkje i elva uansett; det gjer den i sjøen. Laksen bit på eit agn meir fordi den er nysgjerrig eller kanskje vil hevda seg. Det er også undersøkjingar som syner at det ikkje blir dårlegare kondisjon på laksen etter at den har vore fanga og sett ut att. Når det gjeld sjøaure har me lite materiale frå Lærdalselvi, men utifrå det me har kan det sjå ut til at sjøauren har eit større ønskje om å bita fleire gonger, seier Urke.

Berre ein av laksane som vart merkte vart funnen død 

Ein annan konklusjon i rapporten er at svært få laksar stryk med etter at dei blir fanga og sett ut att. Berre ein av dei 348 laksane vart funne att død. 

«Den totale dødeligheten etter gjenutsetting er imidlertid trolig høyere enn estimert ved funn av død laks fordi det er lite sannsynlig at alle de døde merkede fiskene blir funnet», står det i rapporten.

Funn frå andre elvar der ein har radiomerka laks før dei vart sett ut att tyder likevel på låg dødelegheit ved «fang og slepp»-prinsippet: 

«Av totalt 11 gjenutsatt fisk som ble definert som døde i radiomerkeforsøk utført i Otra, Gaula og Lakselva ble seks funnet døde i elva (Havn m.fl. 2015, Lennox mfl. 2015; 2016). Dersom funnene av død fisk fra radiomerkeforsøkene er representative for gjenutsatt fisk også i Lærdalselvi vil total dødelighet for de 348 fiskene som ble merket i løpet av prosjektperioden være mindre enn 1 %».

Rapporten diskuterer kor vidt eit slikt resultat er overførbart, og her kjem det fram at fleire faktorar gjer det truleg at få laksar døyr etter å ha vorte sett ut att i Lærdalselvi:

«Blant annet på grunn av at elva har god sikt og at den er relativt oversiktlig slik at sannsynligheten for å finne død laks er større enn i mange andre elver.

Andre faktorer som tale for at dødeligheten er lav er at elvetemperaturen sjelden overskrider 16°C. I andre studier er det vist at dødeligheten generelt er lav ved temperaturer under 18°C (Havn mfl. 2015).

Det er kun tillatt med fluefiske i elva, noe som også kan medvirke til lav dødelighet siden det er vist at dødeligheten til fisk fanget med flue er lavere enn fisk fanget med sluk/spinner (Gargan m.fl. 2015)».

– Ville ha tømt elva utan «fang og slepp»

I det heile konkluderer rapporten med at «fang og slepp»-prinsippet er avgjerande for å halda villaksstamma i Lærdalselvi på eit berekraftig nivå.

Gytebestandsmålet i Lærdalselvi er 1115 laks. Utifrå teljingar og anslag var gytebestanden på kring 1550 laks i 2015 og 1650 laks i 2016. Av desse var om lag halvparten fanga og sette utatt, konkluderer rapporten.

Hadde alle laksane under fisket vorte slegne i hel ville såleis gytebestanden ha vore godt under målet.

– Enkelt sagt så er det slik at dersom ein ikkje hadde sett utatt ein stor del av fisken som blir fanga i Lærdalselvi, så ville ein på sikt ha tømt elva for laks, seier Urke. 

Han fortel vidare at resultata av studien gir elveeigarane klare fakta å forvalta elvi utifrå: 

– Ein kan seia det slik at dersom ein har ein gytebestand på 1500 laks i Lærdalselvi, så har ein potensielt sett 1500 fiskeopplevingar å spela på. Tek ein fiskar mange laks vil det bli færre fiskeopplevingar att for andre, sjølv om denne fiskaren set laksane ut att. Så det blir eit spørsmål om ein til dømes skal tillata at nokon kan ta opp og setja ut att veldig mange laks, eller om ein skal gje fleire fiskarar desse fiskeopplevingane ein har å spela på.   

Resultata blir presenterte på seminaret «Kunnskapsinnhenting vill laksefisk» i Lærdal tysdag 30. mai. Laksefisket i Lærdal startar 5. juni.

 

Til toppen