Høyanger, Vadheim: Torsdag førre veke hadde Tombre Fiskeanlegg ved Djupeleget i Vadheimsfjorden ei rømmingshending.
– Det dreier seg om eit relativt stort hol i ei av nøtene på anlegget, skriv Fiskerirektoratet i ei melding på sine sider.
Fiskeridirektoratet skriv fredag at selskapet driv med gjengfangst i området. Fredag hadde dei fanga inn 69 oppdrettslaks. Omfanget av rømminga er ikkje avklart.
Fisken skal ha ei snittvekt på i overkant av tre kilo, skriv Fiskeridirektoratet.
- Har du bilete eller tips? Send til tips@porten.no
Ønskjer tips
For å få oversikt over hendinga ønskjer direktoratet tips frå publikum.
Dei vil ha eit bilete av omfanget av hendinga, samt korleis fisken sprer seg.
Direktoratet skriv at dei vil følgje opp med tilsyn hjå selskapet.