LOKALE BEDRIFTER: Rådmann Alf Olsen jr. og Aleksander Øren Heen, prosjektkoordinator i Lærdal næringsutvikling (LNU), fortel kommunen har inngått rammeavtalar med lokale bedrifter. Foto: Ina Eirin Eliassen
LOKALE BEDRIFTER: Rådmann Alf Olsen jr. og Aleksander Øren Heen, prosjektkoordinator i Lærdal næringsutvikling (LNU), fortel kommunen har inngått rammeavtalar med lokale bedrifter. Foto: Ina Eirin Eliassen

Landa avtalar med lokale entreprenørar

På vegne av Lærdal kommune skreiv rådmann Alf Olsen jr. og Aleksander Øren Heen, prosjektkoordinator ved Lærdal næringsutvikling, fredag under rammeavtalar med sju firma frå Lærdal. 

Lærdal: Kommunen har inngått rammeavtalar med ulike entreprenørteneste i Lærdal, som driv innan tømrar, elektro, røyrlegging og maskinfaget (Sjå faktaboks).

Dette gjer kommunen for å møta krava til offentlege innkjøp. Avtalane vil gjelda i tre år, med opsjon på eitt ekstra år.

Forenklar arbeidet

– Det er for å forenkle arbeidet når me har bruk for entreprenørar. I staden for å lyse ut på eitt og eitt prosjekt, får me avtalar som trekker seg over tid, der ein kan trekke inn kompetanse når ein har bruk for den utan å bryte innkjøpsreglementet. Det er viktig for administrasjonen å ha rasjonelle arbeidsprosessar og det er praktisk for å kvalitetsikra innkjøpa våre, fortel rådmann Alf Olsen jr. 

– Det har vore ute ei utlysing der me har lagt 60 prosent vekt på kva dei kan tilby av service og kompetanse, medan pris har talt 40 prosent, seier Aleksander Øren Heen, prosjektkoordinator ved Lærdal næringsutvikling (LNU). 

Lærdal kommune har kjøpt tenesta frå LNU, som har hjelp i arbeidet med å gjennomføra konkurransen og inngå avtalane. 

Pris, kvalitet og kompetanse

Rådmannen legg til at sjølvsagt gjer dei dette for å pressa prisane, men at det ikkje berre er ein priskonkurranse då kommunen er oppteken av kvalitet og leveransedyktigheit. 

– Det blir lett ein priskonkurranse, noko som ikkje alltid er det beste, difor legg me stor vekt også på dei andre kriteria, seier Olsen jr., som ikkje er redd for at lokale verksemder pressar seg for langt for å konkurrere på pris. 

– Dei har rekna på dette, og må ta vare på det i sine tilbod. På den andre sida er dette langsiktige avtalar, slik at det også blir lettare for dei, seier Olsen jr. 

Heen legg til at dette også gjer det føreseieleg og reduserer papirmølla for bedriftene. 

I utgangspunktet skal dermed dei med rammeavtalar først få tilbod. Om det er snakk om prosjekt av ein viss storleik, kan kommunen vurdere å utlyse ein eigen konkurranse. Det kan også skje om bedriftene med rammeavtalar av ulike grunnar ikkje har kapasitet til å utføra arbeidet. I tillegg kan det også bli utført minikonkurransar mellom dei kommunen alt har inngått avtalar med, forklarar rådmannen. 

Også ute etter konsulentar

Lærdal kommune og LNU har også ute ein konkurranse på konsulent- og rådgivingsteneste, der ein har fått inn tilbod frå heile Noreg. Dei er no ferdig med prekvalifisering og utsiling av tilbydarar, og skal no over i steg to i prosessen der dei skal vurdere pris og andre forhold. 

– Det vitnar om at det er endringstid og litt lite arbeid i bransjen, noko som kan gjere at det er eit gunstig tidspunkt prismessig å inngå rammeavtalar på, seier Heen. 

Til toppen