VATN OG AVLØP: Formannskapet i Lærdal godkjenner hovudplanane for vassforsyning og avløp som gjeld 11 år fram i tid. Hovudplanane skal også opp i kommunestyret. Illustrasjonsfoto: Jan Christian Jerving
VATN OG AVLØP: Formannskapet i Lærdal godkjenner hovudplanane for vassforsyning og avløp som gjeld 11 år fram i tid. Hovudplanane skal også opp i kommunestyret. Illustrasjonsfoto: Jan Christian Jerving

Landa vassverk og avløp – gjer kommunen dyrare å bu i

Noreg generelt har eit etterslep på opprusting og investeringar av vatn- og avløpsektoren. No tek Lærdal kommune etterlengta grep, men som vil koste. 

Lærdal: Både Hovudplan for avløp og Hovudplan for vassforsyning frå 2015 til 2026 vart samrøystes vedteke under formannskapsmøtet torsdag ettermiddag. Det var i tråd med tilrådinga til rådmann Alf Olsen jr. Begge sakene skal også opp til endeleg handsaming i kommunestyret. 

Begge planane gir ei oppdatert oversikt over regelverk, tilstand på vass- og avløpsektor og utfordringar dei neste åra. Det er også prioriterte tiltak sett opp mot økonomiske konsekvensar for kommunen og innbyggarane. 

Ei vesentleg auke i gebyr

Geir Berge Øverland (Ap) konstaterer at Lærdal blir ein dyrare kommune å bu i, medan Stein Vidar Nemeth (Sp) seier han gler seg over at utbetringane no blir gjennomført.

Avløp krev ei investering på kring 25,5 millionar i planperioden, medan vassforsyning krev ei investering på 31 millionar. Investeringane skal kvart år bli vedteke i samband med årsbudsjett og handlingsplan for avløp og vassforsyning. 

Gitt at ein gjennomfører prosjekta og investeringane i planane, vil årsgebyret for vatn og avløp auke gradvis fram til 2020 med opp til kring 3000 kroner. Fem år fram i tid kan dermed årsgebyra for vatn og avløp samla bli liggande på i underkant av 10.000 kroner for ein einebustad. Likevel presiserer Alf Magne Hjellum, leiar for tekniske tenester i kommunen, at kommunen ventar at avgiftene blir liggande på landssnittet.

Ny hovudvasskjelde og berekraftige avløpsløysingar

I 1994 vedtok kommunestyret å utarbeida ein Hovudplan for vassforsyning. Arbeidet vart starta opp i 1997, men det har knytt seg utfordringar til å finna ei egna vasskjelde for Lærdal vassverk. Ei rekke grunnvassundersøkingar og plandokument kom i perioden frå 1994 til 2012, til prøvepumpingar av grunnvassbrønnar ved Hauge synte god kvalitet og kapasitet. Den er tilråda som den nye hovudvasskjelda for vassverket. 

Heile planen for vassforsyning finn du her.

Når det gjeld avløp, er formålet å legge tilrette til at det blir bygd ut berekraftige og gode løysingar for oppsamling, reinsing og utslepp av avløpsvatn i heile kommunen. Hjellum fortel at det er høg alder på utstyret og at dei siste 20 til 30 åra har det ikkje vore investert mykje på oppgradering. Han ser det som positivt og naudsynt at det no blir investert i å renovere avløpsanlegget, slik at innbyggarane får ei god ordning framover. Mellom anna skal avløpsanlegget på Håbakken bli knytt til anlegget på Lærdalsøyri.

Det er også verd å nemne at frå 2007 vart større ansvar lagt over frå stat til kommunen for å nå lokale miljømål, som ein konsekvens av eit felles europeiske regelverk. 

Heile planen for avløp finn du her. 

Har vore på høyring

Begge planane som er del av kommunedelplan, har vore på høyring og ute til offentleg ettersyn i perioden 12. juni til 24. juli 2015. Det har kome inn ein merknad på kvar plan frå kulturavdelinga i Sogn og Fjordane fylkeskommune, som ikkje er knytt til val av løysing men til gjennomføring, og blir dermed sett nærare på ved gjennomføring av tiltaka i planane. Merknaden går på at arbeidet med vass og avløp kan ramme kulturminne. 

Her finn du saksutrgreiinga til hovudplan for vassforsyning og for avløp. 

Til toppen