UTDANNING: Krav til formell utdanning for å bli bonde er eitt av forslaga landbruksminister Jon Georg Dale (Frp) får av eit utval som foreslår tiltak for betre rekruttering til landbruket.​ Arkivfoto: Truls Grane Sylvarnes.
UTDANNING: Krav til formell utdanning for å bli bonde er eitt av forslaga landbruksminister Jon Georg Dale (Frp) får av eit utval som foreslår tiltak for betre rekruttering til landbruket.​ Arkivfoto: Truls Grane Sylvarnes. (Foto: Truls Grane Sylvarnes)

Landbruket vil krevje utdanning for å bli bonde

Krav til formell utdanning for å bli bonde er eitt av forslaga landbruksminister Jon Georg Dale (Frp) får av eit utval som foreslår tiltak for betre rekruttering til landbruket.

Årdal/Lærdal: Norges Bondelag, Norsk Bonde- og Småbrukarlag, Landbruks- og matdepartementet, Innovasjon Noreg, Landbruksdirektoratet og regionale styresmakter har vore representert i utvalet som leverte rapporten onsdag ettermiddag.

I utvalet var det berre representanten frå regjeringa som gjekk mot eit forslag om å stille formelle kompetansekrav til framtidas bønder.

– Dette er eit forslag som det nok kan vere delte meiningar om i jordbruket, seier Småbrukarlagets utvalsrepresentant Therese Rudi.

Ho meiner likevel at eit slikt krav til jordbruket vil bidra til auka lønnsemd, auka status og ei generell heving av omdømmet til jordbruket.

– Norske gardar leverer i dag god og trygg mat. Innføring av eit kompetansekrav vil vere ei forsikring til samfunnet og forbrukarane om at det vil vi fortsetje med også i framtida, seier Bondelagets utvalsrepresentant Brita Skallerud. (©NPK)

Til toppen