SYNFARING: Landbruks- og matminister Jon Georg Dale (Frp) vitja kommunar med områder i Nordfjella måndag for å orientere om styresmaktene si handsaming av skrantesjuka. Her i samtale med Runar Bjøberg (t.v.) Foto: Ole Ramshus Sælthun.
SYNFARING: Landbruks- og matminister Jon Georg Dale (Frp) vitja kommunar med områder i Nordfjella måndag for å orientere om styresmaktene si handsaming av skrantesjuka. Her i samtale med Runar Bjøberg (t.v.) Foto: Ole Ramshus Sælthun.

Landbruksministeren: - Ei vanskeleg avgjerd​

Jon Georg Dale (Frp) ville ikkje seia noko sikkert om når han avgjer skjebna for Nordfjellareinen under si vitjing. Og han var klar på at situasjonen kan endra seg undervegs i prosessen.

Hemsedalsfjellet: - Når eg har tilstrekkjeleg kunnskap til å ta avgjersla. Anbefalinga er at bestanden skal takast ut, men korleis dette skal gjerast er ikkje klart - difor må me gjera nokre fleire vurderingar før me tek endeleg avgjerd.

Det sa landbruks- og matminsiter, Jon Georg Dale (Frp) på spørsmål om når han avgjer skjebna for Nordfjellareinen.

Dale var måndag på vitjing i Sogn og Hallingdal i samband med utbrotet av skrantesjuke i Nordfjella villreinområde. Han møtte både grunneigarar, representantar frå både tamreinsnæringa, villreinsinteressane og dei aktuelle kommunane, pluss at representantar frå faginstansar som Mattilsynet og Statens Naturoppsyn var til stades.

- Kan måtte revurdera strategien

Faginstansane har i tur og orden anbefalt at heile villreinsbestanden i Nordfjella sone 1 på om lag 1800 individ vinterstid skal sanerast ut og at dette blir gjort så fort som mogleg; i løpet av eitt år, meiner Mattilsynet, men ministeren har siste ordet.

Les også: Mattilsynet: – Utskyting bør skje i løpet av eitt år

Les også: Meiner nordfjellareinen bør sanerast uavhengig av eventuell spreiing

Les også: – Hjortebukkar kan spreia sjukdommen oftare og lengre

Samstundes skal ein kartleggja førekomsten av skrantesjuke i Nordfjella under jakta komande haust, i tillegg til at det skal takast prøver av alt felt hjortevilt i kommunane som har terreng i Nordfjella, pluss nokre kommunar til.

Les også: – Skulle gjerne ha testa alt slakta hjortevilt i Noreg

Resultat av denne kartlegginga vil kunne endra situasjonen så ein må gjera nye vurderingar undervegs; det var Dale klar på.

- Kva skjer dersom ein finn skrantesjuke andre stader, til dømes på Hardangervidda - Noregs største villreinområde?

- Vitskapskomiteen seier at anbefalinga for Nordfjella ligg fast uansett. Så er spørsmålet, kva gjer ein dersom dette dukkar opp andre stader. Då har Vitskapskomiteen, Mattilsynet og Veterinærinstituttet sagt at ein må revurdera strategien. Det trur eg er heilt naudsynt dersom det skulle skje.

- Men førebels har me ikkje indikasjonar på at dette finst andre stader. Det tyder at ved å handtera situasjonen her i Nordfjella rett vil ein kunne unngå at CWD etablerer seg i Noreg, og me vil kunne få tilbake frisk rein i Nordfjella i løpet av nokre år. Det er best case-scenario.

- Treng å ta vare på den nordiske villreinstamma

- Er ein mest redd for tamreinsnæringa eller totalen?

- Det viktige om ein skal få til sunn dyrehelse i Noreg over tid er at me klarar å bekjempa sjukdomar, uavhengig av om det er på tamrein, villrein eller andre dyr. I Noreg har me gjort dette effektivt i alle rasar; på skrapesjuke på sau og MRSA på grisen. Det er denne måten å tenkja ein nyttar no i høve villreinen. 

- Over tid treng me å ta vare på den nordiske villreinstamma - den er viktig genetisk, og her har Noreg eit spesielt ansvar. Så har me også eit ansvar for at at tamreinsnæringa har føreseielege vilkår og unngår at tamreinen deira blir nedsmitta.

Møtet med grunneigarane, Filefjell tamreinlag og ordførarane i Lærdal og Hemsedal handla først og fremst om sperregjerdet som blir planlagt å få opp sør for rv. 52 - dette for at tamrein og villrein ikkje skal blanda seg slik at villrein smittar tam rein.

Artikkelen held fram under biletet

DIALOG: Dale i samtale med fleire av dei involverte interessene; f.h.: grunneigarane Stein Vidar Nemeth og Oddmund Einemo, styreleiar i Filefjell tamreinlag Knut H. Maristuen og grunneigar Anders Haugen.
DIALOG: Dale i samtale med fleire av dei involverte interessene; f.h.: grunneigarane Stein Vidar Nemeth og Oddmund Einemo, styreleiar i Filefjell tamreinlag Knut H. Maristuen og grunneigar Anders Haugen.

Styreleiar i Filefjell tamreinlag, Knut H. Maristuen, er klar på at deira innfallsvinkel i spørsmålet om sanering er grunngitt i dei faglege vurderinga.

- Viss ein vil bli kvitt det og hindra spreiing til hjort, tamrein og villrein andre stader, meiner me i Filefjell tamreinlag sanering er det rette. Men det er ikkje noko me har funne på, det er kvar alle dei faglege tilrådingane peikar. 

- Ein viser til USA og Canada korleis det ikkje skal gjerast, for der har det spreidd seg. Lite skal til. Me vil ha eit godt samarbeid med villreininteressene her, og at me er livredde for å få dette inn til oss er det i.

Les også: Dette var «monsteret» sitt første offer

- Jegerane må få nytta tida til å jakta framfor å bera

Landbruksministeren fekk også innspel på at han burde bla opp for helikoptertransport av slakt ut av Nordfjella ettersom villreinnemnda har lagt ut til svært stort uttak av rein til hausten, noko fagmiljøa har teke til orde for.

Les også: Går for reinsjakt i nesten tre månader

HELIKOPTER: Lærdalsordførar Jan Geir Solheim (t.v.) og Runar Bjøberg i Nordfjella villreinutval tok til orde for at myndigheitene må påkosta helikoptertransport i samband med reinsjakta i Nordfjella til hausten.
HELIKOPTER: Lærdalsordførar Jan Geir Solheim (t.v.) og Runar Bjøberg i Nordfjella villreinutval tok til orde for at myndigheitene må påkosta helikoptertransport i samband med reinsjakta i Nordfjella til hausten.

- Eg trur at når ein får eitt postivt tilfelle må myndigheitene kosta helikopter som kan reisa inn og henta ut alt. Vidare at Veterinærinstituttet får midlar til å forska på dette, det er veldig viktig for framtida, sa Runar Bjøberg, som både sit villreinutvalet og er med i Filefjell tamreinlag.

- Det var det eg håpte du skulle seia, sa lærdalsordførar Jan Geir Solheim, som rosa landbruksministeren for å ha sett seg godt inn i saka.

Grunneigar og reinsjeger Stein Vidar Nemeth streka også under at dersom ein faktisk ønskja eit stort uttak, måtte jegerane få høve til å nytta tida og kreftene på jakting.

- Det er berre ein måte å gjera det på, og det er å fly ut alt til ein oppsamlingsstad. I Lærdal har me ei kjøle på fleire hundre kvadrat som kan vera eigna. Hadde det skjedd, hadde du fått eit kjempeuttak. Då kunne jegarane nytta tida til å jakta i staden for å bera.

- Det er notert og eg skal ta det med meg, var landbruksministeren sitt korte svar.

Til toppen