Landbruks- og matminister Jon Georg Dale (Frp) var raskt ute etter at Vitskapskomiteen for mattryggleik (VKM) onsdag la fram ein rapport der dei tilrår å skyte ned heile villreinbestanden i Nordfjella og leggje området brakk i fem år for å hindre spreiing av hjortesjukdommen.
Les også: – Hjortebukkar kan spreia sjukdommen oftare og lengre
Både Mattilsynet og andre fagmiljø har tidlegare meint det er grunn til å vurdere slike drastiske tiltak for å få kontroll på den dødelege nervesjukdommen, og landbruksminister Jon Georg Dale oppfattar no råda som tydelege.
– Eg er opptatt av raskt å følgje opp råda frå dei beste fagmiljøa våre, og eg har derfor i dag bedt Mattilsynet om å førebu uttak av villreinstamma i Nordfjella, seier Dale i ei pressemelding.