Foto: Jostein Vedvik.
meiningar
Foto: Jostein Vedvik.
meiningar

Landbrukspolitikk på ville vegar

KOMMENTAR: Landbruksmeldinga som er lagt fram av landbruksministeren gjev få moglegheiter for ein auka vekst i norsk matproduksjon. Sjølv om meldinga går fleire steg, så er dette steg som bevegar seg bort frå grunntankane i den norske modellen.

Dette er ei melding som legg opp til ei sentralisering av norsk mjølkeproduksjon gjennom ei samanslåing av mjølkekvoteregionar, og dette stiller vi oss særs kritiske til. På same tid legg denne meldinga til grunn at det skal kuttast i fleire av marknadsordningane som gjev bonden tryggleik og forutsigbare vilkår i produksjonen over heile landet.

Sogn og Fjordane Arbeidarparti meiner at ein treng ei auka lønsemd og ei satsing på både små og store gardar. Skal vi ha eit levedyktig landbruk i heile landet må favoriseringa av dei store bruka stoppast. Vi vil også peike på at samvirkeorganisasjonane i landbruket lønnar seg og at deira oppgåve ikkje må byggast ned slik regjeringa tek til orde for.

Vi er svært skeptiske til å fjerne Felleskjøpet og andre si rolle i reguleringa av jordbruksproduksjonen. Ei deregulering slik regjeringa beskriv den, inneber at areal går ut av drift og vil gje ei betydeleg sentralisering av produksjon av egg, svin, mjølk, kylling og kjøt.

Vi meiner det heller må inn målretta tiltak for å forsterke og auka talet på dei viktige arbeidsplassane i næringsmiddelindustrien. Meldinga er tilsynelatande utan treffande tiltak for korleis vi skal auke norsk matproduksjon basert på norske ressursar, og den gjev ikkje svar på korleis landbruket kan halde fram som ei viktig satsing i det grøne skiftet.

Ein bør ikkje undervurdere betydinga av å sikra eit lokalt eigarskap. Vi etterlyser positive insitament til kommunane for eit sterkt jordvern, for det er rett og slett korttenkt å deregulere eigedomsmarknaden slik at dei kapitalsterke kan kjøpe opp jord og skog slik regjeringa ønskjer. Fleire og fleire ønskjer seg stadig meir av god lokalprodusert mat. Folk ønskjer levande distrikt og kulturlandskap, men diverre gjev stortingsmeldinga få svar til dei som ønskjer å satse på eigen gard.

Vi vil ha tiltak som forsterkar lønsemda, som sikrar at areal vert teken i bruk og som forenklar. Regjeringa sine framlegg til endringar i landbrukspolitikken har så langt vore prega av forverring, kutt og liberalisering. 

Hilmar Høl
Leiar
Sogn og Fjordane Arbeidarparti

Torbjørn Vereide
Fylkestingsrepresentant
Sogn og Fjordane Arbeidarparti

Til toppen