SUKSESS: Landhandelen i Gamleøyri er komen for å bli. Butikken har passert millionen i omsetning, og skryt og ros haglar frå alle kantar. I første omgang kjem dei iallfall til å halde ope til jul, seier Helene Maristuen (t.v.). Her saman med Othilie Olsen Einemo, Kari Signe Lysne, Sjur Arne Bøe og Ivar Petter Grøtte.
SUKSESS: Landhandelen i Gamleøyri er komen for å bli. Butikken har passert millionen i omsetning, og skryt og ros haglar frå alle kantar. I første omgang kjem dei iallfall til å halde ope til jul, seier Helene Maristuen (t.v.). Her saman med Othilie Olsen Einemo, Kari Signe Lysne, Sjur Arne Bøe og Ivar Petter Grøtte. (Foto: Truls Grane Sylvarnes)

Landhandelen har passert millionen i omsetning: – Komen for å bli

Styret i Smak av Sogn har allereie bestemt seg. Landhandelen i Lærdal skal iallfall halde ope fram til jul.

Lærdal: Pop up-butikken, som er eit samarbeid mellom Smak av Sogn og Lærdal Grønt, i Gamleøyri i Lærdal har vore ein brakssuksess etter at dei opna dørene i juni. 

– Eg plar seie at dersom nokon føler seg litt deppa og nedfor ein dag, så må dei koma og stå i butikken. Her har det vore så mykje ros og gode tilbakemeldingar at ein blir heilt høg på all denne rosen, smiler Helene Maristuen.

På landhandelen får ein kjøpt mat og råvarer frå heile sogneregionen. Det har vist seg at folk i berre har lagt at ros, men også pengar. No har landhandelen passert millionen i omsetning.

– Dette var ein test, men no kan me seia at landhandelen er komen for å bli. Uansett kva som skjer på Håbakken, kjem butikken til å bestå. Då tenkjer me heller å samarbeida og driva kryssmarknadsføring, forklarar Maristuen.

På sikt er målet å flytte opp på Håbakken – planar Porten.no har omtalt tidlegare, og som no er inne i det kommunale systemet. Uansett vil dei halde fram, i første omgang fram til jul.

– Det er jo ikkje gull og grøne skogar i lågsesong, så då blir det litt opp til dei lokale og regionale kundane korleis me skal gjera dette. Men me kjem til å ha ope torsdag til søndag fram til jul, og så gjer me ei vurdering då. 

Maristuen føler Gamleøyri no er i ferd med å blomstre opp att, noko kundane òg legg merke til. Både turistar, utflytte sogningar og ikkje minst sogningar som bur i området har vore innom. 

– Det er kjempemoro å starta noko nytt og sjå at det fungerer. No har det berre gått nokre få sommarmånader, så tida vil visa, men eg trur folk har råd til å betala litt ekstra for lokalmat – at dei unnar seg sjølv det. 

– Eg tenkjer berre «Kvifor har me ikkje gjort dette før?».

Til toppen