SATSAR: Cecilie Lykke og Helene Maristuen, opna lokalmatbutikken Smak av Sogn i fjor. No vil dei utvida med bakeri.
SATSAR: Cecilie Lykke og Helene Maristuen, opna lokalmatbutikken Smak av Sogn i fjor. No vil dei utvida med bakeri. (Foto: Halvor Farsund Storvik)

Landhandelen Smak av Sogn skal opna bakeri i Lærdal

Og dét, 30 år etter det sist var bakeri i bygda.

Lærdal: Landhandelen Smak av Sogn i gamle Lærdalsøyri, skal utvide med eit handverksbakeri, seier styreleiar Helene Maristuen i ei pressemelding. 

Lokalmatbutikken, Smak av Sogn som opna i fjor, har vore ein suksess sålangt, ifølgje Maristuen. 

– I år utvidar landhandelen med eit handverksbakeri og kan tilby ferske bakevarar kvar dag, seier ho.

Landhandelen har òg utvikla eit Lærdalsbrød, som dei skal selja på det nye bakeriet.

Allereie då Porten.no prata med Maristuen i mai, hadde ho planar om å utvida, men den gongen ville dei ikkje røpa noko. 

Til toppen