GODE RESULTAT: – Narkotikaprogrammet har gitt gode resultat, og no gjer vi ordninga landsdekkjande, seier justis- og beredskapsminister Anders Anundsen (Frp). Foto: Justisdepartementet.
GODE RESULTAT: – Narkotikaprogrammet har gitt gode resultat, og no gjer vi ordninga landsdekkjande, seier justis- og beredskapsminister Anders Anundsen (Frp). Foto: Justisdepartementet.

Landsdekkjande narkotikaprogram

No skal kriminelle narkomane over heile landet kunne dømmast til behandling.

Årdal/Lærdal: – Narkotikaprogrammet har gitt gode resultat, og no gjer vi ordninga landsdekkjande, seier justis- og beredskapsminister Anders Anundsen (Frp).

Narkotikaprogrammet er ein alternativ straffereaksjon til fengsel utan vilkår, retta mot rusmiddelmisbrukarar som gjer kriminalitet knytt til misbruket sitt. Den domfelte skal gjennomgå eit rehabiliteringsprogram med individuelt tilpassa innhald, for eksempel utdannings- og arbeidstiltak og behandling i helsetenesta.

– Ein landsdekkjande ordning vil bidra til å redusere tilbakefall til ny kriminalitet og gi auka livskvalitet for ein særleg tungt belasta gruppe, seier justis- og beredskapsministeren.

Tiltaket har vore ei prøveordning i Oslo og Bergen sidan 2006. Ei evaluering viser at ordninga gav positive effektar. Ordninga er frivillig, slik at domfelte kan velje fengselsstraff i staden for program. (©NPK)

Til toppen