GOD SKYTING: Kjersti Fagerlund og Gunnar Brevik frå Tønjum skyttarlag i Lærdal er blant fleire skyttarar frå Sogn som har gjort det skarpt på Landsskyttarstemnet som no pågår i Førde.

GOD SKYTING: Kjersti Fagerlund og Gunnar Brevik frå Tønjum skyttarlag i Lærdal er blant fleire skyttarar frå Sogn som har gjort det skarpt på Landsskyttarstemnet som no pågår i Førde. (Bilde: Landsskytterstevnet.no)

Landsskyttarstemnet i Førde

Desse to blant dei som har imponert så langt

– Me er godt nøgde med det som er gjort, men har ikkje nokon vinnarar å snakka heim om enno.

Førde: Landsskyttarstemnet er fire dagar gamalt og fleire sogningar har allereie utmerka seg med svært god skyting.

Blant dei er Kjersti Fagerlund, førsteårs seniorskyttar frå Tønjum skyttarlag i Lærdal, som har gjort det såpass skarpt i klasse 3 at ho førebels ligg inne på skive 5 på prinsesselaget etter 236 treff på baneskytinga.

– Det er eit veldig flott resultat av ei som er førsteårs seniorskyttar, seier Olav Skarsbø i Leikanger skyttarlag.

Første medalje

Gunnar Brevik, han òg frå Tønjum skyttarlag, hanka inn første sognamedalje då han tok sølvet i klasse 2.  Arne L. Nes frå Leikanger tok femteplassen i same klasse. 

Andre som har skote skarpt i seniorklassane er Kjetil Bøe Bergum frå Aurland, Yngve Natvik frå Knipenborg og veteran Ludvik Indrebø frå Farnes skyttarlag, alle tre med fullt hus på feltskytinga.

Odd Rinde frå Leikanger skaut 250 på bane i klasse V65, mens Eirik Hylland frå Aurland  skaut 249 poeng på bane og fullt på felteskyting. Dette held til 2. og 3.plass i klasse 1, som ikkje skyt meistarskapsfinale. Finn Hauge frå Tønjum fekk fullt på feltskytinga og vart rangert som nummer 2.

Ikkje fullklaff for ungdomen

Blant den yngre garde har Sara-Sofie Hegg frå Hegg skyttarlag i Lærdal, Emma Linneah Moen Rinde frå Leikanger og Herman Uglum frå Sogndal utmerka seg med å ta seg til finalen etter 30 treff på feltskytinga.

– Det er ein kjempeprestasjon, seier Skarsbø.

Måndag var det finaleskyting for rekruttane. Der var Jens Henrik Hegg frå Hegg skyttarlag i finalen. Ein niar var nok til at han hamna på 45. plass, etter at han hadde skote fullt inneleiingsvis.

– Den klassen er svært tøff, så der må du ha full klaff for å hevda deg heilt i toppen, seier Skarsbø.

Samlagsskytinga for ungdom gjekk ikkje heilt som forventa. Der hamna det samla rekrutt- og juniorlaget på ein 26. plass blant 43 lag.

– Der fekk me det ikkje heilt til, men det er òg mykje som skal klaffe for at alle skal lukkast samstundes. Det gjorde det ikkje denne gongen, seier Skarsbø.

Dei beste skyt onsdag

I dag er det samlagsskyting for seniorar og veteranar. Fire skyttarar skal representere Indre Sogn i konkurranse mot dei 47 andre samlaga. I morgon brakar det verkeleg laus, då skal dei beste skyttarane i klasse 5 til pers. Her har vi sju skyttarar frå Indre Sogn representerte.

Dei neste dagane vil vise om nokon greier plusse eit gull på medaljefangsten som har vore til no. 

– Me er godt nøgde med det som er gjort, men har ikkje nokon vinnarar å snakka heim om enno, seier Skarsbø.

Til toppen