Låner ut mindre enn i fjor

Låner ut mindre enn i fjor

Indre Sogn Sparebank hadde eit driftsresultat på 13,6 millionar kroner etter skatt i første halvår av 2015.

Det er 0,8 millionar svakare enn ved same periode i fjor, skriv banken i ei pressemelding.

Ifølgje banken sjølv skuldast avviket i hovudsak lågare rentenetto, høgare utbyte, lågare administrasjons- og personalkostnader og lågare vinst på finansielle instrument.

Netto renteinntekter er utrekna til 1,51 prosent av gjennomsnittleg forsvaltningskapital. Samanlikna med halvårsrapporten i fjor gjekk renteinntektene ned med 2,39 millionar kroner.

Det skuldast i hovudsak sterk konkurranse og fallande rentenivå. I tillegg har banken hatt ein reduksjon på utlån i eiga bok siste år på 209,87 millionar kroner.

Tap på utlån er kraftig redusert frå fjoråret. Medan banken har bokført eit tap på 300 000 kroner i år, var tapsføringa på 2,58 millionar kroner i fjor i same periode.

I 2015 er utlåna reduserte med 134,41 millionar kroner til 2.512,55 millionar. Utlånsreduksjonen er størst hjå personkundar, der talet vart redusert med 84,94 millionar, medan utlån til næringslivet er redusert med 49,47 millionar. 

Samstundes har innskotet auka med 124,17 millionar. Personkundar auka innskotet med 92,21 millionar, medan innskot frå næringslivskundar auka med 31,96 millionar. 

Til toppen