Lang tradisjon med Aosarenn

I eit fantastisk skivêr blei Aosarennet arrangert for 24. gong. 

Årdal: Søndag arrangerte Årdalstangen IL skigruppa og IL Jotun ski Aosarennet på Seimsåsen aktivitetsenter. Dei mange frammøtte kunne kose seg i flott vêr og gode skiløyper. Aosahytta var også open for ei sosial stund med kaffi og vafler. 

Skirennet blei i år gjennomført for 24.  gong, så neste år blir det jubileum.

Aosarennet starta med trimklasse utan tidtaking. Desse gjekk 10 kilometer. Mange av løparane har vore med i mange år, og får premie etter 5, 10, 15 og 20 års deltaking. 

Oversikt over deltakarane som fekk årspremie i trimklassen

Sjå biletegalleri øvst i artikkelen. 

Konkurranseklassane

Deretter var det klart for konkurranseklassane med tidtaking og fellesstart i klassisk stil.

Lars Jevnaker, Odd Harald Larsen og Gard Vigdal deltok alle på Aosarennet i år. Dei deltok i klassen 13 til 14 år og gjekk då 5 kilometer.

- Me har vore med fleire gongar tidlegare, men synes det er like kjekt kvart år, seier Lars, Odd Harald og Gard.

Lars fortel at dei tidlegare har gått 3 kilometer på Aosarennet, men at det blir ein lengre etappe i år.

- Det blir eit hardt løp, men det er veldig moro å gå på ski, seier Lars rett før start. 

Artikkelen held fram under biletet. 

DELTAKARAR: Lars Jevnaker, Odd Harald Larsen og Gard Vigdal deltok alle i klasse 13 til 14 år.
DELTAKARAR: Lars Jevnaker, Odd Harald Larsen og Gard Vigdal deltok alle i klasse 13 til 14 år.

Ulik lengde for dei ulike aldersgruppene

Klasse 8 år og yngre gjekk 1 kilometer. I denne aldersgruppa var det 18 påmeldte og desse gjekk på tidtaking.

Også klasse 9 til 10 år gjekk på tidtaking, men desse gjekk 2 kilometer. I denne aldersgruppa var det 9 påmeldte.

Klasse 11 til 12 år gjekk 3 kilometer og det var 7 påmeldte til denne klassen.

I klasse 13 til 14 år var det 6 som stilte til start og desse gjekk 5 kilometer.

Klasse 15 til 16 år gjekk 10 kilometer og det var 2 påmeldte. I klasse 17 år og eldre var det 11 påmeldte og desse gjekk 20 kilometer.

Klasse 11 til 12 år, 13 til 14 år, 15 til 16 år og 17 år og eldre hadde alle fellesstart.

Slik gjekk det med deltakarane - sjå offisiell resultatliste her

Til toppen