STENGING: Frå natt til tysdag 9. august vert det ein periode med lengre stenging av Fretheimstunnelen i samband med oppgraderinga av tunnelen. Foto: Google Maps. 
STENGING: Frå natt til tysdag 9. august vert det ein periode med lengre stenging av Fretheimstunnelen i samband med oppgraderinga av tunnelen. Foto: Google Maps. 

Lange stengingar i tunnelen

Fretheimstunnelen skal stengjast i tre timar kvar natt utanom natt til søndag i fire veker.

Aurland: Dei lange stengingane startar frå natt til tysdag 9. august og i fire veker framover. Fretheimstunnelen på E16 i Aurland vert då stengt mellom 01.00 og 04.00.

Denne veka starta arbeidet med å oppgradere tunnelane på E16 i Aurland med kolonnekøyring og inntil ein time ventetid.

Frå neste veke og fire veker framover blir det behov for lengre stengingar fordi det skal sprengjast ut mykje fjell for å få på plass nytt teknisk bygg og utstyr i tunnelen, opplyser Statens vegvesen.

Arbeidet vil ta tid. Ikkje berre skal det spengjast, men tunnelen må reinskast og sikrast før trafikken vert slept gjennom. Arbeidet pågår alle vekedagar med unntak av natt til søndag.

Mellom klokka 20.00 og 01.00 og mellom 04.00 og 05.30 vert det kolonnekøyring som vanleg med inntil ein time ventetid. Etter 05.30 er det fri ferdsel på strekninga. 

Til toppen