Sogndal: Det er Norges Skiforbund som står bak løftet om tippemidlar, basert på innspel frå kretsane. Det er Sogndal IL og Fjellhug/Vereide IL frå Sogn og Fjordane som har fått tilslag i denne runden.

Les også: Langrennsgruppa håpar på ny rulleskiløype
Les også: Skimoro trakk hundrevis til Hodlekve: – No er det full rulle
Leiaren i langrennsgruppa i Sogndal seier pengane vil gå til å betale ned på trakkemaskina som kom på plass før denne sesongen. Den vart kjøpt brukt frå Beitostølen for omlag 1,5 millionar kroner.
– Uten den hadde vi nok ikkje greidd å køyre så mykje løyper som vi har gjort i år, seier Harjo.
Den gamle dei hadde sang nemleg på siste verset.
– Det er skisenteret som har kjent det mest på kroppen. Vi har berre observert kor mykje dei måtte jobbe for å få den til å gå, den havarerte oftare enn den var i orden. Så det var prekært behov for ny maskin, seier Harjo.