HÅPAR PÅ RULLESKILØYPE: Her er langrennsgruppa til Sogndal samla på Beitostølen. Med ei rulleskiløype vil dei truleg trenge mindre reising for å finne gode treningstilhøve, også om vinteren.
HÅPAR PÅ RULLESKILØYPE: Her er langrennsgruppa til Sogndal samla på Beitostølen. Med ei rulleskiløype vil dei truleg trenge mindre reising for å finne gode treningstilhøve, også om vinteren.

Langrennsgruppa håpar på ny rulleskiløype​

– For oss vil det ha stor effekt på sjansen til å halde på dei litt eldre utøvarane, seier langrennsleiaren.

Sogndal: Sogndal kommune skal i desember forlenge planen for fysisk aktivitet, idrett og friluftsliv med eitt år. Her er mellom anna ei oppdatert liste over anlegg som vil bli prioriterte når kommunen skal søkje om spelemidlar i 2017.

På sekstande plass finn vi ei rulleskibane i Rindabotn, den nye skiheisen i Hodlekve.   

– For oss vil det ha stor effekt på sjansen til å halde på dei litt eldre utøvarane. Dei har i dag dårlege treningsmoglegheiter, seier Tommy Harjo, leiar i langrennsgruppa.

Les også: No vil skisentera i Sogn satse på stisykling
Les også: Her har dei krangla om veg i to år – no går saka for retten​

Langrenn heile året

Ifølgje idrettsplanen skal den asfaltert rulleskiløypa vere to kilometer lang og ligge i området der det i dag er ei lysløype for langrenn.

Langrennsleiaren seier dei i dag har lite organisert trening på rulleski, sjølv om dei ivrigaste driv med det på eige initiativ.

Med eit slikt anlegg vil langrennsgruppa kunne halde oppe aktiviteten gjennom heile året. I tillegg vil dei kunne starte treninga fleire veker tidlegare om vinteren, fordi det trengst langt mindre snø før du kan lage spor.

– Ti-femten centimeter med snø er alt som trengst, seier Harjo.

Skisenteret treng aktivitetar om sommaren

Per Odd Grevsnes, dagleg leiar i Sogndal skisenter, seier ei rulleskiløype er eitt av fleire grep dei jobbar med for å verte ein heilårsdestinasjon. Tilrettelegging for stisykling og turgåing er to andre eksempel. 

TRENG SOMMARAKTIVITETAR: Per Odd Grevsnes, dagleg leiar i Sogndal skisenter, seier rulleskiløype er eitt av tiltaka som skal hjelpe dei mot målet om å bli ein heilårsdestinasjon.
TRENG SOMMARAKTIVITETAR: Per Odd Grevsnes, dagleg leiar i Sogndal skisenter, seier rulleskiløype er eitt av tiltaka som skal hjelpe dei mot målet om å bli ein heilårsdestinasjon.

– Eit slikt anlegg vil vere eitt av dei elementa som vil kunne gje oss aktivitetstilbod om sommaren. I tillegg til å tene dei meir seriøse langrennsløparane, skal det vere eit lågterskeltilbod for vanlege brukarar og dei med ulike typar funksjonhemmingar, seier Grevsnes.

Han seier eit rulleskianlegg vil vere eit stort økonomisk løft og at realiseringa er avhengig av at fleire brikker fell på plass.

– Det ligg inne i planane til Sogndal skisenter og til dei som investerer i Hodlekve, men det er avhengig av at ting går godt for oss, både for skisenteret og at vi får selt hyttetomter. Det er dei to tinga som er med og bestemmer framdrifta på dei andre prosjekta våre, seier han.

Til toppen