VALBJØRK: Her ser de ein del av valbjørkproduksjonen på Asperheim gard. Foto: Kaja Nygård
VALBJØRK: Her ser de ein del av valbjørkproduksjonen på Asperheim gard. Foto: Kaja Nygård

Langsiktig satsing

Valbjørkproduksjon på Asperheim gard. 

Årdal: Jørgen Asperheim har mange jern i ilden. Tidlegare har Porten.no skreve om juletrea som han har planta. Desse juletrea vonar Asperheim er klare for sal om nokre år. For å sikre juletre til folk allereie i år, vil han kjøpe inn juletre for vidaresal.  I tillegg til denne juletreproduksjon har han planta mange valbjørk på garden sin i Seimsdalen.

- Eg valte å satse på valbjørk, på grunn av den spesielle strukturen denne tresorten har, seier Asperheim.

Det er kring 21 år sidan valbjørkene blei planta, men det tek lang tid før trea blir store. Han fortel at me ikkje kan sjå den flotte strukturen i treet før det har gått ca. 5 år.

Han meiner me skal utnytte det naturen har å by på.

Artikkelen held fram under biletet. 

TRESTRUKTUR: Jørgen Asperheim fortel og viser ivrig strukturen i treet.
TRESTRUKTUR: Jørgen Asperheim fortel og viser ivrig strukturen i treet.

Mykje å lage

Det er mange ting ein kan lage av tre, fortel Asperheim ivrig.

Han har blant anna laga fleire knivskaft og vasar.

Planen er å produsere varer som han kan selje vidare til folk. Han lagar emne etter ditt ønskje, så det er berre å ta kontakt. Han har eiga facebook-side som heiter Asperheim Gard, her kan ein sende melding.  

KNIVSKAFT: Eit av Knivskafta som han har laga.
KNIVSKAFT: Eit av Knivskafta som han har laga.

 

Til toppen