BOKLANSERING: Denne veka skal «Rockebolet» lanserast, ei bok om det rike musikkmiljøet i Årdal. Det er Hugin Musikkforum med Terje Svori som leiar som eig boka. Jan Egil Fimreite har forfatta ho. Foto: Truls Grane Sylvarnes.
BOKLANSERING: Denne veka skal «Rockebolet» lanserast, ei bok om det rike musikkmiljøet i Årdal. Det er Hugin Musikkforum med Terje Svori som leiar som eig boka. Jan Egil Fimreite har forfatta ho. Foto: Truls Grane Sylvarnes.

Lanserer bok om rockemiljøet i Årdal

Over 60 år med musikkhistorie i Årdal er ført i pennen.

Årdal: Denne veka skal Hugin Musikkforum og forfattar Jan Egil Fimreite endeleg syne fram to års hardt arbeid med å dokumentere det rike musikkmiljøet i Årdal. 

Det som eigentleg skulle vere ei bok på 250 sider og omhandle rundt 100 band, har blitt til ei rockebok på 350 sider, der 190 band er nemnt. Det første stammar heilt frå 1949. 

– Me såg føre oss rundt 100 band, men så gjekk me litt lenger tilbake i tid, og etter kvart som me gjekk djupare ned i materien, oppdaga me meir. Boka skulle eigentleg lanserast i november i fjor, men me er glade for at me har brukt eit år ekstra, seier leiar i Hugin Musikkforum Terje Svori.

Nachspiel

Tankane og ideane om å lage ei bok kom på eit nachspiel, der historiene byrja å gå. Nokon meinte dette burde vore nedskrive, slik andre hadde meint før dei. Denne gongen skulle det derimot bli alvor av preiket. 

– Eg synest musikkhistorie i Årdal er spennande, og det har kome mykje bra ut av miljøet, som er veldig bra i dag også. Eg visste at folk hadde hatt liknande idear før, så eg kontakta Arne Natvik, som var leiar i Hugin tidlegare, og han likte ideen og vart med. Seinare blei også Øyvind Aga med, fortel Svori vidare.

Les også: Skal gjenskapa 30 år gamal musikalsk magi

Dei tre starta jobben med å skaffe seg ei oversikt, og nok ein gong i fuktig lag, denne gongen på årsmøte i jaktlaget, fekk Jan Egil Fimreite spørsmålet om han ville forfatte boka.

– Då var eg ikkje vanskeleg å be heller, ler Fimreite. 

Gode historier

Forfattaren av «Rockebolet» som boka heiter, fortel at han aldri har spelt i band anna enn ein gjesteopptreden på trompet, men at han vore med i musikkmiljøet i mange år gjennom blant anna Arne Natvik og Arvid Fodnes som han hadde ein musikkorganisasjon ilag med. 

– Eg har gjort meg nokre refleksjonar under arbeidet, og det er til dømes at musikkmiljøet ikkje ser på Øvre-Tangen. Gruppene er etablert på tvers av bosbrenneriet. Det har ikkje vore nokon diskusjon. 

– Elles har me fått tak i ein del gode historier rundt ein del av desse gruppene. Me kunne ikkje ta med alle, for me vil jo at folk skal leva fredeleg saman etterpå også, smiler han. 

Manns minne

Problemet er at gode historier ikkje alltid er like lett å verifisere. Når ein må basere seg ein del på manns minne, der trommisen hevdar at den og den var med i bandet, medan vokalisten nektar for at det stemmer, har det blitt nokre fleirtalsvedtak i bandoversikta bakarst i boka. 

Les også: Jubileum for Påskerockarar

– Me har nytta gamle bilete frå Sogn Dagblad, der me har vist folk desse bileta og dei svarar at dei ikkje kan hugsa konserten dei sjølv spelte, fortel Svori. 

Årdal låg langt framme

Og det er kanskje ikkje så rart. Den gongen var det ikkje uvanleg at ein person spelte i fleire band. Slik er det framleis, men nokon utviklingstrekk har det likevel vore. 

– Det er vanskeleg å seia, men ting har endra seg med åra. Årdal var langt framme når det galdt å interessera seg for musikk som resten av landet ikkje hadde høyrt. På slutten av 60-talet og byrjinga av 70-talet var det i Årdal og Tyskland at ein høyrte på prog rock til dømes, fortel Fimreite. 

– Men viss ein skal peika på noko trendar og utvikling, så er det at for unge i dag må ting leggast meir til rette for at dei skal starte band og opptre. Tidlegare gjekk dette heilt av seg sjølv. 

Gror godt framleis

Men det gror godt i dag også. Det er ungdomsbandet System of Six eit veldig godt døme på. Dette bandet består av tidlegare elevar ved kulturskulen som ønskte å halde fram med musikk og fekk eit tilbod i det uorganiserte musikkmiljøet i Hugin.

– Me tok dei imot her, og dei spelte faktisk på Påskerock i 2012. Då var dei ikkje gamle. Dei spelte også under Skåri på Målrock som Hugin-representantar. No har dei tatt steget vidare, lagar eige materiale og syslar på i studio. Det er kjekt å sjå at det gror, seier Svori.

Les også: – Ein får ei god kjensle

System of Six er eitt av banda som skal spela på lanseringskonserten torsdag i Årdal kulturhus. Der blir det også eit heilt spesielt gjensyn med den originale besetninga i Lava. 

Lanseringskonsert med Lava

– Eg er god kompis med Per Hillestad, og det er han som skal ha ros for at han har jobba med å få dette til. Folk lurer kanskje på kvifor me har dette på ein torsdag, men me har innretta oss etter musikarane. To av dei er framleis veldig aktive, så denne datoen har vore spikra lenge, forklarar Fimreite.

– Det er ein dugnad og musikarane stiller gratis. Me har kjøpt nokre fri, men elles stiller dei av eigeninteresse som støtte. 

Det er Hugin Musikkforum som er eigar av boka, og alle inntektene går til organisasjonen. Det er trykt på 1000 bøker som skal seljast. 

Til toppen