Gulen: Aurora Aksnes kjem tilbake til Utkantfestivalen i 2020 etter å ha vitja den som ukjent artist i 2014. Dette vert ein av få festivalkonsertar den no verdskjende stjerna gjer neste år. skriv Utkantfestivalen i ei pressemelding.
Aksnes har signalisert at ho ønskjer å roe ned nest år, og festivalsjef Viggo Randal set difor stor pris på at ho likevel tek turen til Utkant.
– Vi er veldig glade for at Aurora kjem tilbake til oss. Det er alltid spesielt når vi klarer booke ein artist akkurat når vedkommande slår gjennom, og som kan gje publikum ein oppleving dei ikkje hadde forventa og difor ikkje gløymer. Slik trur eg mange kjende det då dei fekk høyre og sjå Aurora i 2014, seier Randal i pressemeldinga.
Han er overbevist om at artisten frå Os vil skape gåsehud hos publikum også i 2020.
Fleire norske
Også Kråkesølv og Signe Marie Rustad er klare for Utkant til sommaren.
Kråkesølv vert av festivalsjefen skildra som eit av landets beste rockeband, og Rustad er i ferd med å bli eit kjend namn også utanfor folk/americana-sjangeren. Det vert trekt parallellar til Joni Mitchell, Sandy Denny, Judee Sell, Emmylou Harris og Gillian Welch.
Bodø-bandet Kråkesølv har blant anna vunne ein spellemannspris i kategorien popgruppe.
– Kråkesølv var på ein måte bandet som starta den nord-norske musikkbølga og dei er framleis like gode ti år etter den første plata, seier Randal, som undrar seg litt over at Utkant ikkje har booka dei før.