FØRSTE KIKK: Teknologisenteret vil koma i dei tre hydrohusa og ein ny øvinsfabrikk som vil bli bygd i tilknyting til desse. Store vindauge gjer at du kan sjå robotane jobba frå utsida.
FØRSTE KIKK: Teknologisenteret vil koma i dei tre hydrohusa og ein ny øvinsfabrikk som vil bli bygd i tilknyting til desse. Store vindauge gjer at du kan sjå robotane jobba frå utsida. (Foto: Årdal Utvikling)

Lanserer planane som skal føra Årdal i front på framtidas teknologi

Den fjerde industrielle revolusjonen handlar om robotar, sensorar og automatisering. I Årdal går industriverksemdene saman for å omfamna teknologispranget som allereie er undervegs.

Årdal: Årdal Utvikling har inviterert til pressekonferanse klokka 12.30 på Klingenberg hotel.

Der vil dei fortelja om planane for etablering av teknologisenteret SITEP, som Hydro, Norsun og ei rekkje andre industriverksemder i Årdal skal inn på eigarsida av. SITEP står for Senter for innovasjon, teknologi og prosess og skal vera ein arena for å testa og utforska framtidas teknologi.  

– Industri 4.0 og teknologiutviklinga går raskt, og næringslivet må følgja med for å vera konkurransedyktige. Det har difor vore ynskje om eit senter med utstyr, teknologi og kompetanse som kan nyttast av næringslivet og skulane, seier Terje Laberg, dagleg leiar i Årdal Utvikling, i ei pressemelding.

Han trur senteret vil føra til meir innovasjon i eksisterande bedrifter, samt knoppskyting av nye. 

Framtidas industri

Industri 4.0 er nemninga på den fjerde industrielle revolusjonen, som ekspertane meiner allereie er godt i gang. Grovt sett kom den første då maskiner erstatta menneskehender, den andre ved innføringa av elektrisitet og den tredje då datamaskiner vart allemannseige.

Den fjerde er kjenneteikna av robotisering, sensorar og automatisering.

SITEP

  • Senter for innovasjon, teknologi og prosess.
  • Skal innehalda treningsfabrikk, med utstyr til å testa, utvikla og simulera teknologi.
  • Eigarar: Årdal Utvikling (31,25%), Kunnskapsparken SFJ AS (12,5%), SINTEF Raufoss Manufacturing AS (12,5%), Hydro Aluminium AS (12,5%), Norsun AS (12,5%), HMR Hydeq AS (6,25%), IMPEC AS (6,25%), Prosess-Elektro (6,25%).

– I SITEP skal bedrifter kunne testa, simulera og visualisera teknologiar, komponentar, produkt, løysingar, tenester og prosessar. Lett tilgang til ekspertise, utstyr og eigna lokale, skal gje enklare veg frå konsept til marknad, står det i pressemeldinga.

Årdal Utvikling har allereie inngått samarbeidsavtale med SINTEF Raufoss Manufacturing, Noregs leiande kompetansesenter på vareproduksjon. Hausten 2017 blei det kjent at Norsk katapult delte ut 50 millionar til utvikling av to senter, og at SINTEF Raufoss vart ei av dei.

– Når eit såpass stort og tungt miljø som Raufoss inkluderer Årdal Utvikling i planane sine, så er det ikkje noko som kan gle oss meir enn det. At Årdal igjen søker samarbeid med oss, gjer at at me kan prøva å få synergiar i heile fylket. Det trur eg kan gje eit kjempeløft, sa Kjetil Kvåle i Kunnskapsparken til Porten.no då nyheita vart kjend.

Jobbar for industrimuseum

Teknologisenteret blir etablert i dei gamle Hydro-husa, som blei bygd i 1907. Bygningane vil bli rusta opp og tilpassa teknologisenteret sitt behov. Det blir òg jobba med å få på plass eit industrimuseum i tilknyting til senteret.

– Dette er spanande, fordi det var her industrien starta i Årdal. Dette var administrasjonsbygget til AS Tyin-fallene, som bygde ut det første kraftanlegget på Tyin, seier Laberg.

I tilknyting til Hydro-husa vil det på sikt bli planlagt eit teknologibygg, kor treningsfabrikken vil koma.

– Tanken er at når folk går forbi, så skal dei kunne sjå robotane som jobbar. Dei skal kunne oppleva teknologien i arbeid, seier Laberg.

Til toppen