Leikanger: Det er sju år sidan fylkestinget slo fast at det skulle skrivast ei fylkessoge for Sogn og Fjordane. No er verket i fire band klar for lansering.
Her i Sogn vil det skje på Sogn Folkemuseum på Kaupanger onsdag 18. oktober. Arrangementet er på kveldstid, gratis og ope for alle.

– Endeleg er vi i mål! No har vi halde på i over fem år, så no er det på tide at eit historieinteressert publikum både i og utanfor fylket får del i resultata. Eg har følgt arbeidet til dei fem forfattarane tett, og kjenner meg trygg på at Sogn og Fjordane no får eit historieverk som folk i fylket kan vere stolte av, seier prosjektleiar Ola Svein Stugu, professor i historie ved NTNU, i ei pressemelding.
Heitt julegåvetips
Han trur fylkessoga vil vere ei aha-oppleving for alle som søkjer svar på kvifor Sogn og Fjordane har vorte som det er.
Fylkesordførar Jenny Følling ser fram til å bla seg gjennom soga.
– Eg trur soga kan vere med å stadfeste identiteten vår. Her får vi presentert historia vår frå isbreane forsvann og fram til i dag. Eg håpar mange tek seg tida til å lese fylkessoga, som har blitt eit flott verk, årets julegåvetips til Sogn og Fjordane-patriotar, seier ho i pressemeldinga.
Historisk gullgruve
Fylkestinget løyvde i desember 2010 åtte millionar kroner til arbeidet med fylkessoga.
Historikarane som har skrive dei fire banda, er Harald E. Tafjord, Harald J. Krøvel, Jan Anders Timberlid, Oddmund L. Hoel og Hege Roll-Hansen.

– Alle vi forfattarane har måtta gå langt utanfor det som er dei historiefaglege spesialfelta våre. Det har gjeve eit større rom for å sjå dei overordna utviklingsdraga og samanhengen mellom ulike tema, som samferdsle, endringar i jordbruket, politikk og kultur. Den rike lokalhistoriske litteraturen som finst i fylket har vore ei gullgruve i arbeidet, og vi håpar no at «Soga om Sogn og Fjordane» skal bli eit mykje nytta referanseverk for alle som interesserer seg for lokalhistorie, seier førsteamanuensis Oddmund L. Hoel ved Høgskulen på Vestlandet, som har skrive band tre om «Fjordfylket på nye vegar, 1875–1945».