BOKSLEPP: Læreboka er resultat av eit prosjekt på Ressurssenteret ved Sogn jord- og hagebruksskule. Forfattarane av boka er lærarar på kurs i mjølkeforedling. Frå venstre forlagsredaktør Trond Soldal, prosjektleiar for kurset i mjølkeforedling Anne Karin Hatling, og lærar og forfattar Ragnhild Nordbø.
BOKSLEPP: Læreboka er resultat av eit prosjekt på Ressurssenteret ved Sogn jord- og hagebruksskule. Forfattarane av boka er lærarar på kurs i mjølkeforedling. Frå venstre forlagsredaktør Trond Soldal, prosjektleiar for kurset i mjølkeforedling Anne Karin Hatling, og lærar og forfattar Ragnhild Nordbø. (Foto: Øystein Skjæveland)

Lanserte lærebok om ysting

Boka om ysting skal vera den einaste av sitt slag i Skandinavia, og er basert på kompendium og kunnskap frå hagebruksskulen i Aurland.

Fakta om ysting

Ysting er nemninga på den prosessen som går ut på å framstille ost.

Ystinga vert i våre dagar for det meste gjort industrielt i såkalla ysteri, som anten kan vere sjølvstendige verksemder, eller produksjonseiningar i meieri.

Ystinga går føre seg ved at det vert tilsett løype, eit enzym, til ei oppvarma mengd mjølk, fløyte, eller ei blanding av mjølk og fløyte. Løypa får mjølkeproteinet kasein i til å løpe saman, koagulere, til ostemasse, slik at væska skil seg og mysa kan pressast ut av ostemassen. Deretter vert ostemassen elta, forma og sett til lagring for å modnast, som for somme typar går ut på ei gjæring og oppvekst av visse muggsoppar i eller utapå osten.

Osten vert ofte handsama på ymse måtar under lagringa.  

Kjelde: Wikipedia.

Aurland: Sogn jord- og hagebruksskule inviterte til bokslepp om ysting søndag ettermiddag. Boksleppfesten var på Marianne Bakeri og kafé i Aurland.

Boka som vert slept er ei lærebok om ysting på nybyrjarnivå, men skal innehalde detaljar og tips som også er nyttige for meir erfarne ystarar.

Frå kompendium til lærebok

Prosjektleiar for kurset i mjølkeforedling, Anne Karin Hatling, seier til Porten.no at dette ikkje er ei bok for private som ønskjer lage ost på kjøkkenet heime.

– Boka er nok meir retta mot profesjonelle ystarar og dei som ønskjer å skape sin eigen arbeidsplass, seier Hatling.

Boka er resultat av eit prosjekt på Ressurssenteret ved Sogn jord- og hagebruksskule. Forfattarane av boka er lærarar på kurs i mjølkeforedling.

Hatling seier vidare at dei har arbeidd lenge med boka. 

– Vi har arbeidd med boka i alle fall i fem år. Alt lærestoff som fører til kurset som går på hagebruksskulen er samla i boka. Der blant anna lokal foredling av mjølk.

Mykje av stoffet i boka er frå tidlegare kompendium som hagebruksskulen då måtte kopiere opp kvart år når kurset skulle startast. Difor var det mykje betre å samla alt i ei lærebok.

Hatling seier at lærebok om ysting ikkje finst verken i Norge, Sverige eller Danmark, og at denne er unik av sitt slag.

Kjende ystarar har gått i lære i Aurland

Boka er likevel ikkje for dei som ønskjer seg læra ysting på 1-2-3. Boka er meir retta mot profesjonelle og dei som ønskjer skape si eiga verksemd. 

Av døme på ystarar som har starta eiga verksemd kan Hatling nemne Brimi sæter i Lom og Avdem i Lesja.

Avdem som starta opp ysteri i 2005 foredler i dag mjølk nok til å produsere om lag 20 tonn ferdig vare i året.  

 

Til toppen