Årdal: Årdølen hata å gå i fjellet. Det var det verste han visste, men etter ein tur til ein 2000-meterstopp i Jotunheimen endra det synet seg raskt. Sidan har også fotointeressa balla på seg. Det har vist seg at dette var noko han hadde talent for.
– Når bergensarane skryt av dei sju fjell, så innser ein kor flott me faktisk har det her i Årdal. Eg fekk ei slags openbering då eg var med foreldra mine på tur. I fjor byrja eg å gå mykje i fjellet, men følte at mobilkameraet ikkje fekk fram det eg såg på desse turane.
Og slik starta det. Aannevik kjøpte seg eit brukt kamera – stadig på jakt etter nye motiv å fanga. Det har gitt mange flotte opplevingar, og ikkje minst fotografi.

Får god respons
Bileta deler han på sosiale media som Facebook og Instagram (profilen til Lasse), der responsen har vore enorm. På Instagram har no over tusen følgjarar, og det hender det kjem førespurnader frå folk utanbygdsfrå som har lyst å ta seg ein tur etter å ha sett bileta hans.
– Det er veldig moro med god respons, spesielt når det kjem frå folk som driv med foto. Litt av poenget med å drive med dette er jo for å vise fram turane mine. Spesielt ungdom veit jo ikkje kva som finst i området rundt oss, seier han.

Slik sett er Aannevik ein god ambassadør for kommunen, som har eit uttalt mål om å satse på reiseliv. Sosiale media bidreg sterkt i å trekkje folk til Årdal.
Selde sitt første bilete
Men det er ikkje berre turistar som likar det dei ser. Nyleg fekk årdølen ein førespurnad han ikkje heilt hadde rekna med.
– Det var ein som hadde sett eit bilete eg hadde teke og lurte på kor mykje eg skulle ha for det. Han hadde sett det på sosiale media og ville ha det på veggen. Det er veldig moro og utruleg kjekt, smiler han.
Og det må til, for fotografering er ingen billig hobby, innrømmer han.
– Og ein blir jo meir og meir kresen etter kvart. Eg har kjøpt tre kamerahus sidan eg byrja, men eg er ikkje den som kjøper utstyr til over 50.000 kroner altså, ler han.
