ULUKKE: Trafikkulukke på Hyllandsvegen der anleggsmaskin køyrde nedi elva.
ULUKKE: Trafikkulukke på Hyllandsvegen der anleggsmaskin køyrde nedi elva. (Foto: Arne Veum)

Anleggsmaskin køyrde av vegen i Gudvangen

Trafikkulukke langs Hyllandsvegen.

Gudvangen: Ein lastebil har køyrt av vegen og mot ei elv, meldte politiet på Twitter klokka 16:26.  

Tatjana Knappen ved operasjonssentralen opplyser til Porten.no at dette no er retta til å gjelda ei anleggsmaskin. 

– No er brannvesenet kome fram til staden, og politiet er på veg, opplyser Knappen.

– Det er ein anleggsmaskin som har køyrt utfor vegen, gjennom autovernet, og havna delvis uti elva. Føraren kom seg ut på eiga hand, og var i elva ein kort periode før han kom seg på land. 

Føraren av anleggsmaskina har fått pledd rundt seg og framstår som tilsynelatande oppegåande.

– Skadeomfanget er framleis ukjent, seier Knappen.

Eit felt er stengt langs Hyllandsvegen grunna ulukka, og trafikken flyt greitt forbi staden. 

Me oppdaterer saka.

Til toppen