KØ: Det har danna seg kø utanfor tunnelen, her frå sogndalssida. Biletet er frå 14:13.
KØ: Det har danna seg kø utanfor tunnelen, her frå sogndalssida. Biletet er frå 14:13. (Foto: Webkamera/Statens vegvesen)

Lastebil tok til å brenna i Frudalstunnelen

Naudetatane rykka ut til bgrann i lastebil.

Sogndal: Klokka 14:00 meldte politiet på Twitter at det brann i ein lastebil omlag ein kilometer inne i Frudalstunnelen på riksveg 5. 

Ein tipsar seier til Porten.no at lokale står og vinkar inn bilar og lastebilar. Mange har snudd tilbake mot Skei.

Brannmannskap er inne i tunnelen ved lastebilen som har brent. Brannen blei slukka før dei kom til staden.

Skadeomfanget er ukjent, og det er lite røyk inne i tunnelen no. 

Ein tipsar seier til Porten.no at lokale står og vinkar inn bilar og lastebilar. Mange har snudd tilbake mot Skei.

Vegen er open for kolonnekøyring med maks fem bilar om gongen, inntil bilbergar er ferdig på staden om omlag ein time. Det opplyser vegtrafikksentralen om til Porten.no.

Til toppen