ULUKKE: Kollisjonen skjedde på Hemsedalsfjellet i 14.30-tida.
ULUKKE: Kollisjonen skjedde på Hemsedalsfjellet i 14.30-tida. (Foto: Skjermdump/Google Maps)

Mann til sjukehus etter kollisjon med lastebil på Hemsedalsfjellet

Politiet opplyser at ein person er meld skada, men det skal ikkje vera alvorleg. Naudetatane er på veg.

Hemsedalsfjellet: Politiet melde om ulukka klokka 14.25. Knappe ti minutt seinare kunne dei fortelja at naudetatane hadde kome fram til staden. Personen som er skada får tilsyn av helsepersonell.

Det blir meldt om visse problem med trafikken, og det er difor manuell dirigering på staden.

Politiet melder klokka 15.00 at ein 30 år gamal mann blir frakta i ambulanse til Lærdal sjukehus for vidare behandling.

Har du tips eller bilete? Send via SMS til 907 03 711 eller e-post til tips@porten.no.

Saka blir oppdatert.

Til toppen