Lastebil med diesellekkasje i Fjærland

Lastebil med diesellekkasje i Fjærland

Begge tunnelane er opna for fri ferdsel.

Fjærland: Fjærlandstunnnelen og Bergstunnelen på riksveg fem vart stengd grunna ein lastebil med diesellekkasje. Litt etter klokka 14 vart begge opna for fri ferdsel. 

Frå klokka 14.54 skriv Vegtrafikksentralen at det blir manuell dirigering på vegen grunna bilberging av havaristen.

Det var først meldt om at over 200 liter diesel var lekt ut, det viste seg seinare å ikkje stemme. 

– Det er mellom cirka 50 liter, sa operajsonsleiar Frode Kolltveit til Porten.no. 

Kolltveit sa det framleis er usikkert kva som var årsaka til lekkasjen.

Han fortalte vidare at det dieselen har lekt ut i motsett køyrefelt frå der bilen køyrde. Den køyrde nordover mot Skei. 

– Det ligger mellom Fjærland og Bøyum. Me opnar Bergstunnelen no, seier han litt etter klokka 14. 

Politiet skreiv at lastebilen stansa midt i vegen nord for Bøyum, og at den var på veg mot Skei. Det var lite trafikk i området.

Til toppen