Lærdal: I morgontimane fredag er Lærdalstunnelen midlertidig stengd grunna eit vogntog med stans i tunnelen.
Klokka 09.15 vart tunnelen igjen opna for trafikk.
Porten-tipsar på staden fortel at luftslangen rauk på vogntoget, dermed låste bremsene seg.
Det vart observert tydlege bremsespor i vegbana og røyk rundt bilen.
Naudetatane vart varsla gjennom at eit brannslokkingsapparat vart aktivert frå tunnelveggen.
Politi med blålys kom etterkvart til staden.
- Har du bilete eller tips? Send til tips@porten.no.
Bilbergar varsla

Lastebilen vart ståande, og må ha hjelp av bilbergar til å komme seg vidare. Det er opplyst at bilbergar er på veg.
– Me har bestilt bilbergar. I samråd med politiet held me tunnelen stengd fram til vogntoget er ute av tunnelen, seier Albert Sherington i Vegtrafikksentralen til Porten.no.
Stengd ei stund til
Han seier bergar vil vere på plass innan om lag 20 minutt.
– Eg reknar med at dei vil prøve å fiksa luftslangen på staden. Då kan vogntoget sjølv køyre ut, og ikkje treng å bli trekt ut av tunnelen, seier han.