KJENNINGSMELODI: Eva Weel Skram og mannen hennar Thomas Stenersen har laga kjenningsmelodien til NRK Super sin julekalender som startar 1. desember. Foto: Stine Raastad. 
KJENNINGSMELODI: Eva Weel Skram og mannen hennar Thomas Stenersen har laga kjenningsmelodien til NRK Super sin julekalender som startar 1. desember. Foto: Stine Raastad. 

Låten hennar kan bli ein del av nordmenns juletradisjon

– Det er rart å tenkje på no, at me plutseleg skal vere med på det, seier Eva Weel Skram. Torsdag opnar låten hennar den første luka i NRK sin julekalender. 

Sogndal: «Snøfall» er namnet på NRK Super sin nye julekalender som vert sendt for første gong i år. Torsdag vert den første luka opna, og då er det kjende tonar for folk i Sogn som fyller stovene i det ganske land.

Det er nemleg Eva Weel Skram og mannen hennar Thomas Stenersen som har laga songen «Selmas sang», som skal vere kjenningsmelodien til serien.

– Først og fremst er det veldig stas. Det er veldig gøy at dei valte og likte det me hadde laga. Dette er første gong me har laga bestillingsverk til noko, fortel Weel Skram til Porten.no.

– Aldri gjort noko slikt før

Ho og Stenersen fekk full fridom til å lage det dei ville, men teksten blei det meir regi på etter kvart. Det var viktig at han passa til serien, og difor enda det opp med at regissør Synne Teksum skreiv teksten eit halvår etter at låten vart skreven. 

Me har jo aldri gjort noko slikt før, men er veldig glad i film og serie. Det er ein slags nummer to-hobby.

Historia bak songen er også ganske spesiell. Det heile starta hausten 2015. Fetteren til Weel Skram, Henrik Skram, har komponert musikken til serien. Når det var behov for ein populærartist til å lage og synge kjenningsmelodien, tenkte han på Eva.

– Det hadde me jo lyst til. Me har jo aldri gjort noko slikt før, men er veldig glad i film og serie. Det er ein slags nummer to-hobby. Me har også snakka om at det ville vore gøy å laga filmmusikk. No er dette litt mindre enn det, men likevel, fortel ho.

Laga låt med ungen på skuldra

Men ting skjedde kjapt. I januar kom sonen til verda og tida vart knappare, både i kvardagen og til låten skulle vera ferdig. 

NRK byrja å bli gira på å høyre og ringte for å høyre om songen var klar. Me berre «Eh, ja, me har eit forslag», noko me ikkje hadde.

– NRK byrja å bli gira på å høyre og ringte for å høyre om songen var klar. Me berre «Eh, ja, me har eit forslag», noko me ikkje hadde. Så me heiv oss rundt første veka med nyfødd baby, og så blei låten til på ein halvtime. Me hadde ikkje tid til å reise i studio, så me reiste rett til Henrik og spelte songen for han. Dette var William (sonen journ. anm.) sin første tur ut i verda, smiler ho.

Kan bli ein del av nordmenns juletradisjon

Ideen fall i smak, ei rask skisse kom på plass, og slik vart «Selmas sang» kjenningsmelodien til ein julekalender som skal sendast vekselsvis på NRK fram til 2030. Og kven veit, kanskje får låten og serien ein like stor plass i nordmenns juletradisjon slik «Jul i Skomakergata» og «Jul i Blåfjell» har hatt og er framleis.

Mange har spurt korleis det er å ha laga ein låt som blir allemannseige, men det veit eg ikkje enno. Det er litt sånn at eg trur det ikkje før det har skjedd.

– Det var ein veldig artig prosess. Songen skal gå på rulleteksten kvar dag. Folk kjem til å høyre han kvar dag, og det verkar som folk likar han allereie. Eg har fått mange fine tilbakemeldingar både frå vaksne og barn.

– Det er vanskeleg å sjå kva utfallet blir av det me har bidrege med. Mange har spurt korleis det er å ha laga ein låt som blir allemannseige, men det veit eg ikkje enno. Det er litt sånn at eg trur det ikkje før det har skjedd.

Intimkonsert i beste sendetid

Og det er fleire grunnar til at Weel Skram må klype seg i armen. Fredag kveld, i beste sendetid etter Skavlan, sender NRK eit konsertopptak gjort på Åmot Gård i Gaular tidlegare i haust.

Artikkelen held fram under biletet.

HEKTISK ÅR: 2016 har kanskje vore det mest hektiske året i Eva Weel Skram si artistkarriere med rundt hundre spelte konsertar. Her frå då ho stod på scena under årets Målrock.
HEKTISK ÅR: 2016 har kanskje vore det mest hektiske året i Eva Weel Skram si artistkarriere med rundt hundre spelte konsertar. Her frå då ho stod på scena under årets Målrock.

– Det er nesten det største av alt. Det har vore store debattar der folk er snytt for at NRK ikkje gjer noko for andre artistar, at det må vere så stort for å få sendetid, og så har du då vesle meg med ein heil konsert i beste sendetid etter Skavlan. Det er så stort, seier ho og takkar Stian Sjursen Takle i NRK for arbeidet han gjer.

Dette markerer såleis ei så godt som perfekt avslutning på kanskje det mest intense året i Eva Weel Skram si artistkarriere, der ho har spelt nærare hundre konsertar. 

Planane for neste år er allereie lagt.

– Me har store planar om ny plate på norsk neste år, så det betyr ny turné. 

Til toppen