Årdal: Det er kanskje ikkje så ofte lattarbrøla sit så laust og kom så tett, som dei gjorde under avslutninga for kampanja Sommarles på Årdal bibliotek fredag ettermiddag.
Kring 40 ungar, med foreldre, var då invitert til lukka selskap for å feira leselyst.
Artikkelen held fram under biletet

Klovnen Knut i storform
Den fargerike og munnrappe Klovnen Knut var på plass med trylling, tull og lure triks, som han også tok ungane med på. Triksa gjekk rett heim hos dei fleste og mange av ungane benka seg rundt han etter førestillinga, for å sikre seg sin alle første autograf.
Då initiativet skulle vera med å auka leselysta til ungane og ikkje vera ein konkurranse om kven som las flest bøker var det loddtrekning av kinobilettar, bokpremiar og spel som premiar etter førestillinga.
Artikkelen held fram under biletet

Leseglade ungar
Både Live Eldegard (6), Mathea Straumsheim Breivik (6) og Mia Kopperdal (7) er einige om at det var ein kul og morosam klovn og at det er kjekt å vera på fest. Men sjølv om dei har lese mange bøker i sommar, har dei ikkje berre vore inne i sommar.
Mathea fortel ho har teke turen oftare innom biblioteket no for å sikre seg nye bøker. Mia hugsar spesielt ei bok om ei jente som fekk ein spøkelsesven. Neste sommar vil ho lesa så mange som 30 bøker.
Artikkelen held fram under biletet

Vil fortsetta
Kring 60 ungar har delteke på Sommerles, ved å levere inn lesekort når dei har lese minst fem bøker no i sommar. Kampanja var retta mot 1. til 7. -klassingar.
– Me gjekk ikkje så hardt ut dette første året me held kampanja Sommarles, men me er godt nøgd med deltakinga. Difor held me fram også til neste år, seier Gry Hatlelid, biblioteksjef ved Årdal bibliotek.