MIMIKK: Hans Olav Lahlum er både kjend for sin klisterhjerne og store, originale mimikk. Ein time om demokratiets utvikling frå 1100-talet utan manus imponerte konferansier Jan Olav Fretland. Foto: Ole Ramshus Sælthun

Latteren sat laust blant lærdølene under Lahlum

Tusen års demokratihistorie på ein time kan kanskje høyrast ut som noko for spesielt interesserte - men publikum under Lærdal SV sitt 25-årsjubileum lêt seg underhalda av historikaren, krimforfattaren og sjakkentusiasten

Lærdal: «Har demokratiet ei framtid?» var tittelen då Hans Olav Lahlum gjekk på scena i Lærdal kulturhus framfor ein sal hovudsakleg beståande av SV-arar og AP-arar.

Etter ei lita innleiing om forfattarskapen sin starta historikaren, som han er utdanna,  på historia om demokratiets utvikling frå Kong Sverre på 1100-talet av og fram til i dag.

Tida frå Kong Sverre til 1814 og grunnlovas fødsel gjorde Lahlum unna rimeleg kjapt. Og tida fram mot innføringa av parlamentarismen; kort fortalt styreforma som går ut på at regjeringa sit så lenge fleirtalet i nasjonalforsamlinga tillet det. 

– Parlamentarismen kom tidleg; tidlegare enn både i Sverige og Danmark. Heile vegen frå 1814 til 1884 så var demokratiet tidleg ute. I Sverige tykte mange høgt oppe at Noreg byrja å bli altfor demokratisk, og uttrykte ei viss frykt for at dette skulle spreia seg til Sverige. Difor gjekk også unionsoppløysinga ganske fredeleg for seg - til unionsoppløysing å vera.

Artikkelen held fram under biletet

LATTER: Vel femti tilhøyrarar fekk ein time med mykje latter og humring i Kulturhuset i Lærdal laurdag kveld.
LATTER: Vel femti tilhøyrarar fekk ein time med mykje latter og humring i Kulturhuset i Lærdal laurdag kveld.

Første (?) landet med allmenn stemmerett for kvinner

Og 1905 markerte - naturleg nok - eit fokusskifte i politikken.

– 1800-talet handla veldig mykje om nasjonalstatar, det sluttar i 1905 for Noreg sitt vedkomande. Då startar klassekampen. 

Eit viktig moment i eit demokrati er sjølvsagt stemmerett for alle. Det tok det tid før kvinner fekk, men Lahlum fortalde kvinnerørsla hadde ein gryande start alt på slutten av 1800-talet:

– På 1870-1880-talet fekk me ei rørsle som jobba for at kvinner skulle få stemmerett. Først fekk rike kvinner stemmerett under lokalval, så fekk alle kvinner stemmerett under lokalval. Deretter fekk rike kvinner stemmerett under stortingsval, før stemmeretten vart gjort allmenn for kvinner frå 1913. Det står at Noreg var det fjerde landet der kvinner fekk stemmerett, men det kan argumenterast for at me var det første. Det kjem litt an på definisjonen på eit land og på ei kvinne.

Det betyr ikkje nødvendigvis at alle kvinner var for at dei skulle få stemmerett.

– I eit lesarinnlegg i Hamar Arbeiderblad skreiv ei kvinne: «viss vi kvinner får stemmeret blir vi meget ærgjerrige og uregjerlige». Kor vidt det stemte skal eg ikkje seia noko om her, sa Lahlum, til lett humring frå salen.

Artikkelen held fram under biletet

STORE KUNNSKAPAR: Lahlum ausa av sine historiekunnskapar under Lærdal SV sitt 25-årsjubileum.
STORE KUNNSKAPAR: Lahlum ausa av sine historiekunnskapar under Lærdal SV sitt 25-årsjubileum.

– Kunne vera visse fordelar ved å ha alle tullingane samla i eitt parti

Ei anna viktig utvikling for demokratiet var at fleire politiske parti vart danna utover 1900-talet.

Lahlum kom med døme på at partia var djupare ideologiske og meir ulike i si tidlege historie enn i dag 

– Ein del KrF-ararar meinte dei hadde eit partiprogram som var bestemt av Gud og at det dermed ikkje var tale om kompromiss med andre parti av noko slag. Frå eit SV-standpunkt må det kallast bastant.

Om sitt eige parti, SV - som første tida heitte SF (Sosialistisk Folkeparti) - sa Lahlum:

– SF dukkar opp i 1961, og det vart sagt i Hamar Arbeiderblad at det kunne vera visse fordelar å ha alle tullingane samla i eitt parti. Eit anna trekk i tida som fulgde var at Senterpartiet og Høgre glei veldig frå kvarandre på distriktssaka. Det hadde ei historisk forklaring; for forløparen til Senterpartiet, Bondepartiet, vart kalla Storbondepartiet - eit slags «Bygdehøgre». I etterkrigstida fall bøndene lengre og lengre ned på løn i høve andre grupper, og dermed skifta partiet noko retning. 

Utviklingstrekk ved og status for demokratiet

Lahlum summerte opp med at det hadde vore fire viktige utviklingstrekk for demokratiet i etterkrigstida:

  • At stemmerettsalder gjekk markert ned frå mellomkrigstida, då det var 25 år til dagens 18 år.
  • At Sametinget vart oppretta og samane fekk sine eigne rettigheiter. Sjølv om det altså ikkje har så mykje å seia her i sør.
  • Bedriftsdemokariet med arbeidstakar- og arbeidsivarorganisasjonar, som gjorde seg svært gjeldande på 70-80-talet. Dette er i følgje Lahlum under press fordi det kjem mykje EU-direktiv for arbeidslivet som ein ikkje har noko herredøme over.
  • Kvinnebølgja, som for alvor starta på 70-talet og akselererte på 80-talet.

Han peika også på nokre tydelege utviklingstrekk på 2000-talet:

  • At det ser ut til å vera svært vanskeleg for ei regjering å bli attvald; etter tusenårsskiftet har dette berre skjedd i 2009, noko som i følgje Lahlum framfor alt handla om finanskrisa som trefte året før. Dette forklara han med stadig meir kravstore velgjarar ettersom velstanden stadig har auka for nordmenn og partia dermed lover svært mykje i valkampane som dei ikkje klarar å halda.
  • At småparti ser ut til å få ekstra stor regjeringsslitasje 
  • At FrP no er i regjering gjer at alle parti som har vore store (det vil seia over sperregrensa) dei siste tiåra har minst ein periode i posisjon - at alle har vorte gjort ansvarlege meiner Lahlum er ein demokratisk styrke.
  • Relativt låg valdeltaking, særskild blant unge, noko Lahlum skildrar som det kanskje største demokratiske problemet i vår tid.  

​​Artikkelen held fram under biletet 

SIGNERTE: Etter føredraget selde og signerte Lahlum bøkene sine.
SIGNERTE: Etter føredraget selde og signerte Lahlum bøkene sine.

– Sperregrensa eit nøkkjelspørsmål i komande stortingsval

Når det gjeld stortingsvalet neste haust meiner Lahlum det kanskje mest avgjerande spørsmålet for kven som hamnar i regjering går på sperregrense:

– Om MDG, SV og for så vidt støttepartia kjem over sperregrensa kan bli det som vippar det heile eine eller andre vegen.

Konferansier og lokal SV-politikar Jan Olav Fretland var nøgd med Lahlum sin innsats:

– Du trefte oss heime her i dag - dette var bra.

I spørsmålsrunden fekk Lahlum spørsmål om SV si rolle framover - etter ei tid der pilene har peika nedover når det kjem til oppslutnad.

– Og no som me hadde det så triveleg her, sa Lahlum, før han heldt fram:

– SV har historisk sett gått opp og ned, stort sett i høve kor dårleg det har stått til med Ap.  Då Ap gjorde det svakt og vart splitta i samband med EF-kampen i 1972 gjorde SV eit kjempeval i neste omgang. På den andre sida hevda ein del at Raudt ville gjera det skarpt etter at SV gjekk i regjering i 2005 - fordi det opna seg eit stort terreng. Og det er mogleg - problemet er berre at det ikkje bur noko folk i det terrenget.

Lahlum fekk også spørsmål om korleis han såg på snetraliseringsiveren hjå den sitjande regjeringa. Her svara han balansert:

– På 90- og 00-talet var sentralisering noko ein meinte ein skulle spara så mykje pengar på, men det har jo vist seg at ein ikkje gjer, mellom anna fordi det kjem ut meir transport i andre enden. No er det behovet for større fagmiljø som har vorte hovudargumentet. Og det er ein balansegang i ein debatt om eventuell nedlegging av ein grendaskule - er større fagmiljø eller å oppretthalda eit breiddetilbod og sleppa mykje busstransport viktigast.

NVE: Meir regnflaum framover

Ifølgje Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE) vil det bli mellom 20 og 40 prosent auke i flaumvassføringa i fleire vassdrag dei neste 100 åra.

Til toppen