SESONGSTART: Laurdag er Årdal FK klar til å bryne seg mot Kristiansund FK på Jotun stadion Arkivfoto: Ingrid Nordbye-Antonsen
SESONGSTART: Laurdag er Årdal FK klar til å bryne seg mot Kristiansund FK på Jotun stadion Arkivfoto: Ingrid Nordbye-Antonsen

Laurdag brakar det laus for dei heilraude

Då speler Årdal FK haustsesongens første kamp på heimebane mot Kristiansund FK.

Fokuset fram mot laurdagens kamp er å vera så godt budd som mogleg mot Kristiansund, fortel trenar Ivan Øy til Porten.no få dagar før kampen. 

SESONGSTART: Ivan Øy, trenar for Årdal FK sitt 3. divisjonslag. 
Foto: Ina Eirin Eliassen

– Me vil ikkje ha ein kalddusj. Laurdag startar alvoret, seier han. 

Kristiansund ligg etter 13 kampar i vårsesongen som nummer fem på tabellen med 21 poeng. Sju plassar under finn me Årdal på 12. plass, med 13 poeng etter 13 serierundar. 

– Kristiansund er eit lag som held eit godt snitt, dei har nøkkelspelarar som held eit bra nivå. Har dei dagen sin kan dei vera vanskelege å slå, seier Øy.  

Etter sommarferien har klubben gjort nokre justeringar for å nå målet om å koma seg lenger unna den frykta nedrykkstreken. 

Les også: Har trua på haustsesongen

Kampen i i 3. divisjon avdeling 8, der Årdal møter Kristiansund FK på Jotun stadion startar klokka to, laurdag 1. august. 

Til toppen